OPPMUNTRANDE: Cato Hansen får nokre oppmuntrande ord frå assistenttrenar Håvard Flo.
PLØYE ENGA: Håpet til Saftkokaradn var ikkje til å ta feil av.
LUKKE TIL: Spelarane ynskjer kvarandre lukke til før oppgjeret.
KRONE ELLER MYNT: Kapteinane avgjer kven av laga som får byrje med ballen.
TAKK FOR SIST: Harald Aabrekk var tidlegare i trenarteamet i Vålerenga. Her helsar han på spelarutviklar Kaz Sokolowski.
SAMHALD: Sogndal klar til å kjempe om sin tredje strake siger i eliteseriecomebacket.
GØY PÅ LANDET: Vålerengafansen vann kampen på grasmatta og tribuna.
MANGE DUELLAR: Barry Kader og Freddy Dos Santos i ein av kampens mange duellar.
PÅ JAKT: Cato Hansen sprang tradisjonen tru mange meter under oppgjeret mot Vålerenga.
GLATT: Espen Olsen prøver seg mot Vålerenga, men sklir og misser ballen.
DUELL: Ole Jørgen Halvorsen når ikkje heilt opp i denne duellen.
TRENGDE HJELP: Henrik Furebotn utfordrar André Muri. Kort tid seinare måtte Furebotn hjelpast av bana med skade.
KNUFFING: Sogndal har corner, men dommaren ber spelarane roe seg framfor Lars Hirschfeldt i VIF-buret.
MÅL: Vålerenga har nett teke leiinga 1-0, men ingen hos gjestene veit kven dei skal takke...
GØY PÅ LANDET: Målet gjorde det endå kjekkare for dei tilreisande supporterane å vere i Sogndal.
SKAPTE LITE: Sogndal skapte lite mot Vålerenga. Her er det Mats Solheim som prøver seg.
FEKK LITE TIL: Ole Jørgen Halvorsen og Sogndal kom til kort mot Vålerenga.
FRÅ START: Barry Kader var attende i startoppstillinga.
FRAMOVER: Per Egil Flo på eit raid i første omgang.
TOPPSCORAR: Bojan Sajic (i midten) la corneren som Vålerenga scora på. Sajic er toppscorar for Vålerenga med to mål.
SÅ NÆR: Sogndal er einaste lag i eliteserien der spissane ikkje har scora mål på dei ni første kampane. Her er det Ulrik Flo som ikkje få god nok kontakt med ballen.
JAMT: Oppgjeret mellom Sogndal og Vålerenga var spelemessig jamt.
KVA SKJER: Både Sogndal- og Vålerenga-spelarane følgjer nøye med ballen som dalar over keeper - og mål...
DEBUTANT: Joakim Rudolfsen (t.h.) fekk sin eliteseriedebut mot Vålerenga.
UNGSKOT: Stortalentet Håvard Nielsen (t.h.) har markert seg som ein målfarleg spelar hos Vålerenga. Her i duell med Ulrik Flo.
TAKK: Vålerenga-spelarane takkar fansen for støtta etter sigeren på Fosshaugane.