Hopp til innhold

«Skal utruleg mykje til før dei løftar på røvi og opnar munnen sin»

Redaktør klar på at noko må gjerast noko med taus tribunekultur på Fosshaugane.

Saftkokaradn

JUBLAR: Bortsett frå Saftkokaradn, så er stemninga på Fosshaugane tidvis laber.

Foto: Oddleif Løset/NRK

NRK sin kulturkritikar, Hans Jakob Reite, sin kritikk av manglande tribunekultur under Sogndal sine heimekampar, får no støtte frå fleire hald. Redaktør i Sogn Avis, og tidlegare sportsleg leiar i Sogndal, Jan Inge Fardal, er heilt klar på at noko må gjerast.

  • Les bloggen til Hans Jakob Reite her

– Litt urettferdig å samanlikna Klanen med Saftkokaradn. Klanen er vel kanskje landets beste, og Sogndalsupportarane blant dei slappaste, sa Fardal under NRK Sogn og Fjordane si føremiddagssending måndag.

Sidrompa publikum

Han peikar på at det er eit faktum at det har vore slik dei siste åra og det skal utruleg mykje til å kveika folk på Fosshaugane.

– Skal utruleg mykje til før dei løftar på røvi og opnar munnen sin. Eg tykkjer Hans Jakob Reite peikar på noko som er verdt å ta til etteretning. Det går mange kampar mellom kvar gong ein høyrer publikum på Fosshaugane skrika ”heile stadion”. Det er sidrompa og lite trykk, sa Fardal.

Nyleg var han på bortekamp og såg Stabæk – Sogndal i Telenor Arena.
– Då var det ein 30 – 40 suppportarar. Dei laga meir liv på Telenor Arena, enn det er på Fosshaugane med 3000, sler avisredaktøren fast.

Kan gjera meir

Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, tek kritikken til vitande, og innrømmer at dei kunne gjort mykje meir for å få opp stemninga på Fosshaugane.

– Me har heilt klart ein jobb å gjera, det er me som har arrangementet. Vi må setje oss ned med Saftkokaradn, og gjere nokre tiltak for å få opp stemningen. I går var det merkbart daudt, og då særleg dei fem siste minutta.

Både Heggestad og Fardal meiner at ei løysing kan vera å bruka ein «innpiskar», som får opp stemninga, ikkje minst mot slutten av kampen. Det har Sogndal hatt før i tida, og i til dømes Aalesund FK har dette vore ein suksess.