Hopp til innhold

Opna fisket med laks på 15,5 kilo

Det hadde ikkje gått mange minutt av laksesesongen då Gunnar Olsmo landa ein laks på 15,5 kilo. Då gadd han ikkje fiske meir ......

Gunnar Olsmo fekk laks på 15,5 kilo

GLISER BREITT: Gunnar Olsmo med laksen på 15,5 kilo - som han fekk fem minutt etter at fisket starta for sesongen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det var ei fantastisk oppleving. Så det gjekk nok ei god stund før eg fekk roa meg ned att, ler Gunnar Olsmo.

Ved midnatt opna laksefisket i sju av dei 11 lakseelvene i Sogn og Fjordane – og etter berre fem minutt var den største fangsten på gang.

– Eg såg på klokka då laksen beit på. Det tok litt over 20 minutt før han låg på land, fortel Olsmo.

  • Har du fått fangst første dagen av laksefisket? Send oss bilete på e-post på sf@nrk.no eller som MMS med kodeord SF til 1987.

Brukte same fluga på rekordfisk

Gunnar Olsmo fekk laks på 15,5 kilo

STOR: Så stor var laksen Gunnar Olsmo sikra seg i natt.

Foto: Harald Kolseth / NRK
Christian Platou med laks på sju kilo

NØGD: Christian Platou med laksen på sju kilo.

Foto: Harald Kolseth (MMS-foto) / NRK

Han fekk den best tenkjelege starten på årets laksefiske i Eidselva. På heimelaga fluge tok han ein laks på 15,5 kilo.

– Dette er ei fluge som eg har laga i mange år, og som eg har fått veldig mykje fisk på, seier Olsmo.

– Den største laksen eg har teke på fluge var på 19 kilo – og då brukte eg den same fluga som no. Det er ei god laksefluge, seier Leikanger-mannen.

– Samveret med vener er viktigast

Han har fiska i Eidselva i mange år, og hadde god tru på laksefisket allereie kvelden før sesongopninga.

– Dette er ei tidleg elv, der laksen kjem relativt tidleg inn. Det plar vere fin fisk her når det blir lovleg å fiske, og no var det fin vasstand og veldig fine forhold, seier Olsmo.

– Du gav deg raskt etter at du fekk laksen?

– Det vart jo litt feiring etterpå. Dessutan er ikkje det viktigaste å fiske vidare for å få endå meir. Langt viktigare er samveret med fiskevener, seier han.

Ved 06.40-tida fekk Christian Platou ein laks på sju kilo på fluge i Eidselva.