Hopp til innhold

Veit framleis ikkje kven som skal ta rekninga for sjukehusvedtaket

Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest vil framleis ikkje gje eit klart svar på kven som skal ta rekninga etter helseministeren sitt sjukehusvedtak.

Oddvard Nilsen

VEIT IKKJE: Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest vil framleis ikkje seie om dei tek rekninga for sjukehusvedtaket.

Foto: Helse Vest

- Vi veit framleis for lite, seier Nilsen etter styremøte i Helse Vest onsdag.

Kostbart sjukehusvedtak

Helse Førde vedtok i fjor sommar å leggje ned ortopedi- og fødetilbodet både i Eid og i Lærdal. Men regjeringa ville det annleis, og har pålagt Helse Førde å ha fødestover ved begge lokalsjukehusa og ortopedi i Lærdal.

Dette vedtaket inneberer langt meir enn kva Helse Førde har budsjettert med og helseføretaket meiner difor Helse Vest må ta rekninga.

Helse Førde ser føre seg at rekninga vert ein stad mellom 50 og 100 millionar årleg. Styreleiar Clara Øberg har sagt at dei må ha ekstramidlar for å gje det tilbodet regjeringa har gått inn for.

Framleis uklart om Helse Vest tek rekninga

Då styret i Helse Vest møttes onsdag kom dei ikkje fram til noko meir konkret om kven som skal ta rekninga for det omstridde sjukehusvedtaket.

- Vi har framleis ikkje klart noko reknestykke. Det er noko vi arbeider saman med Helse Førde og administrasjonen i Helse Vest for å få til, seier Nilsen.

Han reknar med at ein reknestykke kan vere klart til styremøtet den 22. juni.

- Vedtaket vil uansett føre til meirkostnader for Helse Førde. Vil dei få tilført meir midlar frå Helse Vest eller andre, eller vert det til dømes fleire kutt ved sentralsjukehuset for å dekke inn meirkostnadane?

- Dette vil eg ikkje spekulere i no, først må vi få på plass eit reknestykke, seier Nilsen.