Hopp til innhold

Store ressursar er sett inn i søk etter person i fjorden

Det gjekk torsdag føre seg ein større leiteaksjon i Nordfjorden etter at det i morgontimane vart funne ein tom plastbåt.

Redningsskøyta "Halfdan Grieg" ved Skorpa ved Rugsundsøy

LEITER I VATNET: Politi og leitemannskap fryktar at ein eller fleire personar kan ha hamna i fjorden. Her søkjer redningsskøyta 'Halfdan Grieg' ved Rugsundsøy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Fem-seks båtar deltek i søket i tillegg til eit redningshelikopter, seier redningsleiar Ben Vikøren ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Leiter etter minst éin person

Politiet har funne ein kvit plastbåt ved Rugsundøy ved Skorpeholmane. Det er sett i verk ein omfattande leiteaksjon i området.

– Vi fryktar det verste, men håpar det beste, seier Marius Strømmen om bord i redningsskøyta «Simrad Buholmen».

Han opplyser at dei leiter etter minst éin person, men at dei førebels veit veldig lite om kva som kan ha skjedd.

Har funne sekk og hanske

Redningsskøytene «Simrad Buholmen» og «Halfdan Grieg», nokre oppdrettsbåtar og tre båtar frå Forsvaret er mellom båtane som er sett inn i søket i fjorden.

Dessutan har Hovudredningssentralen også sendt ut eit redningshelikopter frå Florø.

– Båten vart funnen tom. Den har påhengsmotor og fortøyingane låg i båten, noko som tyder på at det har vore folk om bord. I tillegg er det funne fiskeutstyr i båten, seier Vikøren til NRK.no.

– Vi har funne litt forskjellig i vatnet, mellom anna ein hanske og ein sekk. No har vi markørar ute for å finne ut korleis straumen går, seier Strømmen.

Held fram søket utover dagen

Politiet er interessert i å komme i kontakt med folk som kan ha kjennskap til båten.

Siste: Politiet hadde ved 13.40-tida snakka med eigaren av båten, men det er enno uvisst om det kan ha vore folk om bord. Klokka 14.20 opplyser operasjonssentralen at båten tilhøyrer eit feriesenter, og at dersom nokon har brukt båten har dei gjort det utan lov. Ingen er meld sakna ifølgje politiet.

Redningsmannskapa vil halde fram søket utover dagen.

Ved 15.30-tida opplyser politiet at dei har avslutta leiteaksjonen. Dei er rimeleg sikre på at ingen person er sakna på fjorden.

Båten var på rek i fjorden - sette i gang leiteaksjon

TOM BÅT: Denne båten vart observert rekande tom på fjorden. No leiter store mannskap etter ein eller fleire personar i Nordfjorden. Båten har ikkje registreringsnummer.

Foto: Marius Strømmen, Simrad Buholmen