Hopp til innhold

Fylkesmannen går for gruveutbygging i Naustdal

Fylkesmannen tilrår at reguleringsplanen vert godkjend.

Engebø med utskipingskaia

VIL HAR GRUVE: Også fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil gå for gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesmannen har som meklar torsdag sendt over reguleringsplanen for rutilutvinning i Engebøfjellet til endeleg avgjerd i Miljøverndepartementet.

Då Fiskeridirektoratet region vest har oppretthalde motsegna si mot reguleringsplanen for rutilutvinning i Engebøfjellet, kan ikkje kommunestyra i Naustdal og Askvoll eigengodkjenne planen. Det er spesielt deponeringa av avgangsmassane i Førdefjorden som Fiskeridirektoratet er kritiske til.

«Vil skape mange arbeidsplassar»

Anne Karin Hamre

Fylkesmann Anne Karin Hamre

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Fylkesmannen ser at etablering av prosjektet vil skape mange arbeidsplassar og kunne gje store ringverknader i Naustdal og resten av Sunnfjord.

Samstundes vil eit slikt stort gruve- og industriprosjekt kunne få negative konsekvensar for lokalsamfunn, naturmiljøet og landskap.

Både fylkeskommunen og dei to kommunane Naustdal og Askvoll ønskjer etableringa av gruve- og industriprosjektet, og dei aksepterer såleis planane om sjødeponi.

Håpar departementet godkjenner planane

Etter Fylkesmannen si vurdering gjeld hovuddelen av innvendingane til Fiskeridirektoratet tilhøve som er knytt opp til drifta av anlegget. Dette er tilhøve som meir i detalj vil kunne handterast og avklarast ved naudsynte vilkår og avbøtande tiltak gjennom eit utsleppsløyve etter ureiningslova.

Klima- og forureiningsdirektoratet vil handsame ei eige sak etter ureiningslova når det ligg føre ein endeleg godkjend reguleringsplan.

Fylkesmannen støttar kommunane sitt syn om at eit miljøovervakingsprogram med heimel i ureiningslova vil kunne ivareta omsynet til miljørisiko og miljøkonsekvensar også utanfor det området som reguleringsplanen omfattar.

Fylkesmannen tilrår at reguleringsplanen vert godkjent av Miljøverndepartementet.