Hopp til innhold

Vegen blir opna tidlegast onsdag

På Engeset i Brekke i Gulen er 16 personar veglasue etter at det gjekk eit stort jordras tysdag morgon. Eit ubebudd hus fekk store skader i raset. Vegen vil forhåpentlegvis bli opna onsdag.

Det har regna og fleire vegar er stengde i Sogn og Fjordane. Jan Ivar

Hus teke av ras i Brekke.

ENGESET: Raset isolerer 16 personar i bygda.

Foto: Gjert Dåe

Kjeldby er sjølv innesperra etter raset som gjekk i morgontimane i dag.

Han vart gjort merksam på raset då han skulle skaffe hjelp frå ei gravemaskin til å ta unna vatn i ei elva som var i ferd med å gå over sine breidder.

– Då gravemaskina var på veg køyrde den rett i eit ras som hadde komme ned i 7.30-tida.

Store steinblokker

Harald Haugejorden, assisterande rådmann i Gulen og beredskapsansvarleg, trudde lenge at vegen kom til å bli opna tysdag kveld.

Men då dei byrja å grave i raset, kom det fram enorme steinblokker som dei ikkje lukkast med å flytte med gravemaskin.

Vegen vil truleg bli opna onsdag.

Ras i hus

Eit ubebudd hus har fått store skader i raset som har lausna høgt oppe i fjellsida.

– Raset har gått rett i eit ubebudd hus og gjort mykje skade på det. Det er rive hol inn i veggen. På oppsida ser ein rett inn i stova og kjøkkenet.

Korleis ser det ut der raset har gått?

Engeset

ISOLERTE: 16 personar er isolerte etter eit jordras i morgontimane i dag.

Foto: Gøril Sætre / NRK

– Det er masse av jord, tre og store steinar som har gått rundt huset. Det ser ut som det har gavd vekk deler av vegen.

Kva tenkjer du når du ser raset som har gått?

– Du blir sjølvsagt skremd. Her er fem hus og det kunne vore eit av dei fem bebudde husa som var tekne. Det er sjølvsagt bra at det var ubebudd.

(Saka held fram under videoen)

Video Hus teken av ras

Hus teken av ras

Glad det ikkje bur folk i huset

Nærmaste bebudde hus ligg ikkje langt unna.

– Det er berre om lag 150 meter til nærmaste bebudde hus.

Engeset

JORDRAS: Ein heil vegg er øydelagd av jordraset.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Han som kom med gravemaskina var ikkje interessert i å grave i raset for det var mykje vatn som kom i rasområdet. Så Kjeldby vil ikkje vere ute og jobbe i området.

– Eg er berre veldig glad så lenge det ikkje er fare for folk.

Krisemøte

Kommuneleiinga i Gulen sat tysdag i krisemøte. Men ifølgje ordførar Trude Brosvik er det ikkje aktuelt å evakuere folk.

- Vi må følgje med på det som skjer. Folk må førebu seg med tanke på at elvar og bekkefar kan vekse fort. Vi har ein beredskap i forhold til det, men det er umogeleg å vite kvar rasa går. I området der dette huset står har det ikkje gått ras før, seier Brosvik.

- Var eit sjokk

Eigaren av huset var på jobb då raset gjekk tysdag morgon. Men mora til Gunnar Olav Engesæter har vore og sett på huset.

- Det var eit sjokk. Det var ein av naboane som ringde og fortalde at huset var tatt av raset. Den eine enden av huset er borte og grunnmuren på huset har flytta på seg. Det var ikkje kjekt å sjå, seier kona, Ester Engesæter til vg.no .