Hopp til innhold

Stryneelva fløymer over

Stryneelva fløymer over. På Kleivenes camping står meir enn ein tredjedel av campingen under vatn og ei hytte har fått vasskadar.

På Kleivenes camping i Stryn fløymer elva over breiddene og innover campingen. I dag er det Eili Seljeset Ommedal som er campingvert og må konstatere at det er mykje vatn rundt ho.

– Vatn er komme inn i ei av hyttene så der kan det bli ein del vasskadar. Hytta var ubebudd.

Mykje regn

Det har regna kraftig dei to siste dagane. I tillegg har det vore høge temperaturar.

– Vatnet i elva steig mykje i natt, og i dag tidleg var det komme masse vatn innover campingplassen.

Men det er likevel alvor i situasjonen. For meir enn ein tredjedel av campingen står under vatn.

– Det er nok ikkje så innbydande for turistar som reiser forbi å stoppe på ein campingplass som står under vatn.

Godt humør

På campingen har dei ein god del faste turistar som kjem. Dei held motet godt oppe.

– Vi har ein del faste turistar og dei veit det har vore slik før. Men dei sit saman og tar det med mykje humor og godt humør.

Ho håpar vatnet vil trekkje seg raskt tilbake.

Mykje vêr dei siste dagane

Store nedbørsmengder dei to siste dagane har ført til store skadar på vegane i fylket. På Engeset i Gulen vart 16 innbyggjarar innesperra i bygda etter at eit stort jord og steinras lausna høgt oppe i fjellsida.

NVE har varsla at på grunn av dei store nedbørsmengdene vil rasfaren halde seg lenge.

Vassmengda har stige i Stryneelva som no fløymer over bøane til bøndene. Det er likevel venta at vêret skal roe seg.