Hopp til innhold

Mann til legesjekk etter hyttebrann

Ein mann er sendt til legesjekk for moglege røykskadar etter ein hyttebrann på Svorstøl i Naustdal fredag kveld.

Hyttebrann Naustdal

BRANNEN SLØKT: Brannmannskap frå Førde og Naustdal rykka ut til hyttebrannen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK

Brannen i ei hytte i Naustedalen vart raskt sløkt, men brannvesenet var på staden til seint fredag kveld for å sjekka at brannen ikkje blussa opp att.

Delvis sløkt

Dei som var i hytta skal ha forsøkt å sløkkje sjølv, men vart bedne om å trekke seg unna. Då brannmannskapa kom til staden var brannen delvis sløkt, med god hjelp frå naboar. Det opplyser skadestadsleiar Knut Skurtveit, som er lensmann i Jølster.

Etter det politiet kjenner til skal brannen ha starta i vedovnen og spreidd seg til veggen bak ovnen. Det utvikla seg rask høg varme i hytta.

Knut Skurtveit

ROSAR NABOANE: Skadestadsleiar Knut Skurtveit meiner at innsatsen til dei som var på ferie i hytta, samt naboar, gjorde at brannen ikkje spreidde seg vidare i huset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rosar naboar

Knut Skrutveit rosar dei som var i hytta for innsatsen og snarrådige naboar som kom til med brannslukkingsapparat.

– Innsatsen gjorde at brannen ikkje spreidde seg til heile hytta, seier lensmannen.

Brannmannskap frå Førde og Naustdal, samt ambulanse og politipatrulje rykka ut då meldinga om brannen kom.