Hopp til innhold

- Ikkje overraska over dødsulukke

Flygar og tidlegare medlem av Justisdepartementets helikopterfagleg forum, Per Gram, er ikkje overraska over dødsulukka som råka Airlift måndag.

Video Helikopterulukka i Ullensvang

SJÅ: 330-skvadronen sine bilete frå ulukkesstaden i Ullensvang.

Per Gram

IKKJE OVERRASKA: Flygar Per Gram meiner helikopter som flyg i krevjande terreng bør ha to flygarar og to motorar.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Tre personar er stadfesta omkomne, medan to personar framleis er sakna, etter at eit helikopter frå Airlift styrta i Ullensvang i Hardanger måndag.

Helikopterulukka er truleg den mest alvorlege i noregshistoria.

– Dødsulukkene er diverre ikkje overraskande. Det er tragisk å måtte seie, men det er sant, seier Per Gram til VG.

Mykje å lære

Airlift er det største helikopterselskapet som opererer på fastlands-Norge. Gram seier til avisa at han ikkje trur at ulukka måndag kveld kan ha samanheng med vêret.

Han peikar på at Airlift brukar helikopter med berre ein flygar og ein motor, noko han meiner er ei utfordring når helikoptera blir brukte i så varierte oppdrag som Airlift har.

Han meiner det er mykje å lære av tryggleiken på offshorehelikopter som har to flygarar og to motorar.

– Det er veldig viktig å ha ein medhjelpar som er kvalifisert på helikoptertypen og som har flysertifikat for å kunne diskutere element i samband med flyginga. Det kan vere vurderingar av versituasjon, tekniske ting, operative ting. I dag, med ein flygar, må ein ta avgjerd basert på eiga erfaring og grunnlag utan å ha ein annan som kan ha ei anna oppfatning av situasjonen, seier han til NRK.

– Svært krevjande

Gram viser til at Airlift opererer med veldig krevjande verksemd. Statistikk Gram har sett på viser at det er ti gonger så mange ulukker på fastlandet som i offshorebransjen.

– Du har geografi, ver, luftspenn. Alt du kan tenkje deg som farleg har dei som sitt daglege arbeid. I offshorebransjen er det to flygarar og to motorar, men så er det mindre utfordrande terreng, seier han til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helikopterulukke i Ullensvang juli 2011

BYRJA Å BRENNE: Helikopteret byrja å brenne etter at det styrta i Ullensvang.

Foto: 330-skvadronen

Avviser kritikk

Marknadssjef Erlend Folstad seier Airlift flyg etter dei krav som styresmaktene set. Helikopteret styrta medan det frakta hyttebyggjarar inn i eit fjellområde mellom Ullensvang og Eidfjord.

Folstad ynskjer ikkje å kommentere fakta kring ulukka måndag.

– Det vi held oss til er krava frå styresmaktene og kundane. Vi er innan dei krava, seier Folstad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.