Hopp til innhold

Solskjær med nytt Hovland-bod

Ole Gunnar Solskjær gir ikkje opp å hente sogndalstoppar Even Hovland (22).

Even Hovland

YNSKT I MOLDE: Molde har gjort eit tredje forsøk på å hente Even Hovland til Rosenes by.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ifølgje VG Nett la eliteserieleiar Molde sin manager inn eit nytt bod på vaimingen onsdag.

Hovland sin agent, Jim Solbakken, vil ikkje kommentere saka overfor avisa.

– Det er dialog mellom partane, meir enn det vil vi ikkje seie på noverande tidspunkt, seier sportssjef i Sogndal, Trond Fylling, til avisa.

Same bod

Det er ikkje første gong at den tidlegare Manchester United-proffen prøver å hente stoppartalentet til Rosenes by. Også i fjor sommar og i vinter la Solskjær og Molde inn bod på 22-åringen.

Trond Fylling

LEI: Trond Fylling seier bodet frå Molde ikkje har endra seg.

Foto: Rune Fossum / NRK

I vinter vedgjekk Hovland at han kunne tenkt seg å spelt for Molde.

Medan VG spekulerer i at bodet er høgare enn sist, seier Fylling til NRK at bodet som onsdag tikka inn frå eliteserieleiar Molde er det same som før.

– Det er stort sett det same vi snakkar om. Det vi er opptekne av er å få inn spelarar, og det er sjølvsagt også Molde. Det må bety noko meir for oss skal vi komme i ein slik situasjon at vi sel, og det trur eg Molde også forstår, seier han.

– Støy og uro

Hovland kom frå 3. divisjonsspel med Høyang til saftbygda i 2007. Han har kontrakt ut 2012 med tabelljumboen i eliteserien. 22-åringen har vore ettertrakta og var for to år sidan på to treningsopphald med Manchester United.

Fylling vedgår at han er byrja å bli lei Molde sine gjentekne forsøk, utan at partane kjem noko nærare kvarandre.

– Vi går igjennom same tralten i fjor då det vindauget opna, i vinter og no igjen. Det er ikkje noko nytt i saka, difor blir det mest støy og uro, seier han.

Ikkje nærmare

– Alt er til sals for den rette summen, men vi vil i utgangspunktet ikkje selgje Even. Likevel må vi ta innspela som kjem frå andre. Når det gjeld Molde så har vi hatt ein lang dialog med dei. Det er slik gamet er. Dei vil ha ein billig spelar, og vi vil selgje vår beste spelar, per dags dato, for ein litt annan sum, legg Fylling til.

– Dette er ein lang dialog som har pågått sidan i fjor. Har de nærma dykk noko?

– Nei, i utgangspunktet har vi ikkje det. No har vi ein utruleg viktig kamp på søndag og det er der vårt fokus er. Det er ein nøkkelkamp som vi må vinne.

Sogndal tek søndag imot Sarpsborg 08 på Fosshaugane Campus.