Hopp til innhold

Aase-brørne til Sogndal

Florøspelarane Stefan og Peter Aase blir truleg presenterte som Sogndalspelarar på ein pressekonferanse på Fosshaugane Campus i morgon.

Peter Aase (t.v.), Eirik Bakke og Stefan Aase

Peter (t.v.) og Stefan Aase blir truleg presenterte som Sogndalspelarar i morgon. Her med Eirik Bakke.

Foto: Arve Uglum / NRK

Talenta har lenge vore ønskt av Sogndal og fleire andre toppklubbar, og skal no truleg vera klar for tippeligaklubben frå saftbygda.

Florø ut sesongen

Dei to 15-åringane skal gå på skule i Sogndal og trena med toppklubben, men spela kampar for Florø ut sesongen.

Florøtrenar Terje Rognsø trur at moglegheitene for speletid absolutt er til stades for talenta.

– Ein spelar som Ørjan Hopen har fått mykje speletid i år, og vist at det er mogleg for unge, lokale talent å ta steget. Kva maksnivå Stefan og Peter har inne er vanskeleg å sei, då det er fleire faktorar som vil spela inn undervegs. Det er ein fascinerande del av fotballen, seier Rognsø til Sogn Avis.

Imponert stort

Tvillingane har imponert dei gongane dei har trent og spelt med Sogndal. Dei var med tippeligalaget til La Manga før årets sesong, og har spelt fleire treningskampar med Sogndal.

Dei to aldersfastlagde midtbanespelarane er rekna for å vere blant dei fremste fotballtalenta i landet i si aldersgruppe, og ei lang rekke eliteserieklubbar har bydd seg fram. Dei har vore på treningsopphald med Ålesund og Molde, og tidlegare har dei óg vore knytte til Brann, Stabæk og Viking.