I dag tidleg kom det oppmoding frå Justisdepartementet om at det vert flagga på halv stong i alle landets kommunar.
Bakgrunnen er dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya i Tyrifjorden i går.
- LES OGSÅ: Anders B. Breivik teken etter massedrap
Avlyser arrangement
I Stryn var det i helga planlagt «Superlaurdag» i sentrum. Der er no sambatakter og utedans lagt vekk i respekt for alle dei omkomne, skadde og pårørande.
Det har Stryn Handel bestemt, skriv Fjordingen.no.
Også dei store skytestemna i Stryn, Markane og Hellesylt er avlyst laurdag og søndag. Dei planlagde fotballkampane med Sogndal i eliteserien og Førde i 2. divisjon er dessutan utsette.
Opa kyrkje
I kyrkjene rundt om i fylket vil det søndag bli markeringar undervegs i gudstenestene.
Prost i Sunnfjord, Rigmor Frøyen seier at Førde kyrkje vi halde ope i morgon, fram til klokka 14.00.
– Då vil det vere høve til å kome og tenne lys, og sitje i kyrkja saman med andre, seier Frøyen.
- LES OGSÅ: Over 90 drepne i Oslo og på Utøya
Under gudstenestene i morgon vil det bli ei markering. Det er laga ei eiga forbøn som skal lesast opp, med omsyn til det som har skjedd i Oslo og på Utøya.
Også val av musikk og salmar vil bere preg av tragedien.
Eit prega fylket
Innbyggjarane i Sogn og Fjordane verkar, som resten av landet, svært prega av det siste døgnet sine tragiske hendingar i hovudstaden.
- LES OGSÅ: Fleire festivalar har minnemarkering
- LES OGSÅ: AUF-leiar frå Sogn og Fjordane er sakna
NRK vert fortalt at det er lite folk i gatene og at i butikkar er folk stille og lågmælte.