Hopp til innhold

Bombeaksjonen i Måløy avblåst i natt

Bombeekspertar frå Forsvaret kom i natt kome til Måløy for å undersøke ein mistenkeleg pakke som er plassert utanfor ein butikk. Det synte seg at pakken ikkje inneheldt sprengstoff.

"Bombepakka" i Måløy

Pakken som var lagt framfor ei butikkdør i Gate 1.

Foto: Bjarne Eldevik

Politiet har sperra av eit større område i Måløy sentrum etter at pakka vart funne i Gate 1 i 18-tida søndag.

Bombeekspertane frå Forsvaret var venta til Måløy etter midnatt. Då NRK snakka med politiet rett før midnatt, var ikkje ikkje spesialistane frå Forsvaret komne fram.

Må ta på alvor

– Det er ein mistenkeleg pakke som gjer at vi har gått til aksjon. Påskrift på denne pakken gjer at vi må ta dette på alvor, sa operasjonsleiar Ketil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt søndag kveld.

– Politet har fått melding her om lag 18.08 at det er ein gjenstand som er merka på ein slik måte at den gjev grunn til nærare undersøkingar. Difor har vi sperra av eit område for å vera sikker på at ingen skal kome til skade her, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

bombetrussel Måløy

SPERRAR AV: Eit stort område i Gate 1 i Måløy i Nordfjord er no avsperra etter funn av ein mistenkeleg gjenstand.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Bombeekspertar

Dei har og vore i kontakt med politiet si bombegruppe og Forsvaret, og dei reknar med at ekspertar vil vera på plass innan eit par timar.

– Vi må sjølvsagt ta slike ting alvorleg til ein kvar tid. Eg kan ikkje forholde meg til anna enn den konkrete situasjonen vi har da, seier Avsnes.

Bombetrussel i Måløy

Politiet sperrar av eit område i Gate 1.

Foto: Kristin A. Oldeide

– Usmakeleg spøk!

Kristin Oldeide bur like ved det avsperra området i Gate 1 i Måløy, og ho er sikker på at nokon har plassert pakka som ein slags spøk.

– I så fall er det ein usedvanleg dårleg og usmakeleg spøk, seier ho.

" Dette er ei bombe"

Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til skal dette stå på pakka:

"Dette er ei bombe. Helsing ......."(namnet til ein person i Måløy)".