Hopp til innhold

43 framleis evakuerte etter flaum

I alt 43 personar på Blakset, Markane og Lote vart evakuerte grunna dei store nedbørsmengdene i natt. E39 ved Lote er førebels stengd.

Flaum på Blakset i Stryn

BLAKSET: 32 personar er evakuerte på Blakset i Stryn, 11 på Lote i Eid.

Foto: Silje Guddal / NRK

– I Stryn held vi på med å evakuere folk i samband med den nedbøren som har kome i løpet av natta. Det er om lag 30 personar som er evakuert frå området Blakset og Markane, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Klokka 10 måndag føremiddag melder politiet at 32 personar framleis er evakuerte fra Blakset og 11 personer fra 3 husstandar på Lote.

Drog heimanfrå

På Lote i Eid har 11 personar frå to familiar med forlete heimane sine grunna dei flaumstore elvane.

– Vi er nett i ferd med å henta enda fleire folk som skal evakuerast her frå Lote, fortel innbyggjar Ranveig Årskog.

E39 ved Lote er stengd, mogleg omkøyring er via Strynefjellet eller Utvikfjellet.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Fleire stengde vegar

– Oppmodinga vår er at folk i desse områda vurderer situasjonen når dei vaknar. Dei evakuerte er frakta til Innvik og Stryn. Evakueringa har gått greitt slik vi ser det, og vi held fram arbeidet med å kontakte folk som bur i området, seier Rimmen.

I følgje vegtrafikksentralen er følgjande vegar i Sogn og Fjordane mellombels stengd:

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fv 613

STORT RAS: Flaumstore elvar har teke med seg eit naust på Blakset. Deler av vegbana skal og vere vekke.

Foto: Kjell Nesje

– Det er vatn over alt

– Vi er evakuerte fordi alle elvane flaumer over. E39 er stengd ca éin kilometer frå ferjekaia på Lote mot tunnelen. Det er mykje vatn. Det fôr nettopp eit uthus med elva her. Det er dramatisk, fortalde Rannveig Årskog i NRK Sogn og Fjordane si morgonsending på P1.

– Vi er ikkje redde, men det er dramatisk. Eg står no ca 500 meter frå ferjekaia på Lote, ved brua. Det er vatn på alle sider av bilen.

– Veit du når du får reiste heim til huset?

– Nei, det veit vi ikkje. Det må vel slutte å regne først. No flyt det treverk og gjenstandar over alt. E39 har fått ein stor bulk på seg, der elva rett og slett går under asfalten, fortalde Årskog.