Hopp til innhold

Forsvaret sende inn bomberobot

Forsvaret sine ekspertar måtte i natt sende ein bomberobot mot den påståtte bomba i Måløy sentrum. Det synte seg å vere ein pakke utan nokon form for sprengstoff.

Bomberobot

SJEKKA NØYE: Ein bomberobot vart sendt inn mot den mistenkelege pakken.

Foto: Kristin A.Oldeide

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet tok ingen sjansar då dei klokka 18.08 søndag kveld fekk melding om ein mistenkeleg pakke som låg på trappa til ei forretning i Måløy sentrum. Dei rykte ut straks og sperra av eit større område i gate 1.

– Vi kan ikkje ta nokon sjansar, sa politiet til NRK søndag kveld.

"Bombepakka" i Måløy

PAKKA: Den mistenkelege pakka vart funne på trappa til ei forretning i Måløy sentrum

Foto: Bjarne Eldevik

Bomberobot

Kring klokka 02.50 natt til måndag kom bombeekspertar frå Forsvaret til Måløy. Dei sende inn ein såkalla bomberobot i området.

– Dei fekk raskt avklara det ikkje dreidde seg om sprengstoff i pakken, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt Per Rimmen til NRK.

Pakken vart fjerna straks etter, og politiet kunne fjerne sperringane i sentrumsområdet i Måløy.

Bombealarm Måløy

UTAN FUNN: Bombeekspertane frå Forsvaret kunne konkludere med at det ikkje var sprengstoff i pakken.

Foto: Kristin A.Oldeide

Reagerer sterkt

Dei skal no etterforske vidare på kven det er som står bak den falske bombemeldinga.

På pakka stod det «Dette er ei bombe. Helsing .......(namnet til ein person i Måløy)». Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til reagerer politiet svært sterkt på hendinga, og ber no om tips frå publikum.