Hopp til innhold

Store motbakke-premiar lokkar toppløparar til fylket

Moglegheita til å stikke av med store premiar, lokkar motbakkeløparar frå fleire stader i verda til Nordfjord og Sogn.

Turtagrø - Fanaråken Opp

HØGTLIGGJANDE MÅLGANG: Løparane kjem i mål 2068 meter over havet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Motbakkeløpa Fanaråken Opp og Skåla Opp blir arrangert med få dagars mellom. Ein av initiativtakarane, Christian Prestegård, seier at mange kjem for å delta på begge.

– Dei kan vinne mykje pengar. Og sidan det er få dagar mellom løpa, deltek dei både i Sogn og Nordfjord. Løpa er som bror og søster og viktige for rekrutteringa, seier han.

Kan stikke av med over 100 000

Dersom det blir sett nye rekordar på Skåla Opp, vankar det 70 000 kroner i både i dame- og herreklassen. I tillegg er det 30 000 kroner til vinnarane og 15 000 til andreplassane i konkurranseklassen.

På Fanaråken er premiane litt mindre med, 10 000 til vinnarane og 5000 kroner for ein andreplass. Dermed kan vinnarane få med seg ei bra inntekt heim.

– Skåla Opp har dei største pengepremiane når det gjeld løp, men begge desse løpa trekkjer mange motbakkeløparar, seier han.

For tiande gong

Fanaråken Opp er Nord-Europas største motbakkeløp som har målgang over 2000 meter og i fjor blei det ny deltakarrekord. Også i år kjem løparane til Sogn som har 10-årsjubileum.

I herreklassa får fjorårsvinnar David Schneider frå Sveits tøff konkurranse av mellom anna Tomas Bereket, Eritrea, John Sompol frå Kenya og skottane Sam Hesling og Robbie Simpson.

Prestegård seier at kampen om pengepremiane i dameklassen vil stå mellom May Britt Buer frå IL Gular, Tuva Toftdal Staver, Therese Sjursen, BFG Fana, og Thea Lillehov frå Austerrike.

– Vi ligg føre fjoråret i konkurranseklassen med 250 påmelde så langt. I tillegg ventar vi om lag 350 trimmarar som stiller.

Naturen lokkar også

Men det er ikkje berre premiane som lokkar. Det gjer også den vakre utsikta med fjord, fjell og brear.

– På Fanaråken er det ein fantastisk målgang, 2068 meter over havet.