Hopp til innhold

Dansk kantspelar klar for Sogndal

Danske Tonny Brockmann Christensen (22) har skrive under ei treårskontrakt med Sogndal.

Tonny Brockmann og Håvard Flo

Danske Tonny Brockmann Christensen (22) har skrive under for Sogndal. Her i lag med toppspelarutviklar Håvard Flo (t.h.).

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Det melder klubben på sine nettsider.

Speleklar mot VIF

Etter mange rykter om at kontrakten allereie var underskrive, for so at leiinga i Sogndal Fotball nekta for dette, er no 22-åringen klar for kvittrøyene.

22-åringen kom til Sogndal tidleg denne veka, og har desse dagane forhandla om kontrakt med tippeligalaget frå saftbygda. Han er speleklar til morgondagens kamp mot Vålerenga.

Toppspelarutviklar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, er godt nøgd med den nye signeringa.

– Tonny har vore på eit kort prøvespel med oss tidlegare. Han er ein fotrapp kar som er god med ballen i beina, og han har gode touch og god balanse. Med tanke på kva spelartype han er, passar han godt inn i stallen, seier Flo til Sogndalfotball.no

Kantspelar

Christensen skal vera ein offensiv og anvendeleg spelar som kan spele i alle posisjonar i angrep, men hovudsakleg på kanten. Han kjem frå danske AC Horsens, som per dags dato toppar den danske Superligaen.

– Sogndal er ein spanande klubb, og då dei gav meg eit godt tilbod, takka eg ja. Eg håpar eg kan utvikle meg vidare og ta eit nytt steg i karrieren, seier kantspelaren til sogndalfotball.no

Den unge dansken håpar å kunne tilføra Sogndal meir offensivt spel, meir spel i små rom, og han håpar å opna scoringskontoen sin tidleg.