Hopp til innhold

Alvorleg for 54-åring

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein 54 år gamal mann vert laurdag operert ved Haukeland Universitetssjukehus etter ei paragliderulukke i Luster fredag ettermiddag.

Meldinga om paragliderulukka kom til politiet via AMK ved 16.45-tida fredag ettermiddag.

Mannen hadde hoppa ut frå Oskarshaug og skal ha fått problem ved landing i nærleiken av Turtagrø i Luster ifølgje politiet.

54-åringen vart først frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse før han seinare fredag kveld vart overflytta til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.

AMK ved Haukeland opplyser ved 12-tida laurdag at mannen er alvorleg skadd og vert operert. Dei kan førebels ikkje seie noko meir om kva skader mannen har fått.