Hopp til innhold

– Start-kampen er uhyre viktig

Søndagens heimekamp mot tabelljumbo Start kan bli Sogndal sin viktigaste kamp denne sesongen.

Jon Navarsete

VIKTIG: Helgas eliteseriekamp mot Start er utruleg viktig for Sogndal, meiner Jon Navarsete.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det meiner Sogndal-ekspert Jon Navarsete. Sogndal er førebels plassert på trygg grunn, men avstanden ned til tabelljumboen frå Sørlandet er berre tre poeng.

– Med siger og seks forsprang på seks poeng, så er Start så langt ned i «sumpa» som dei kan komme. Ei luke på seks poeng er vanskeleg å tette. I praksis må då Sogndal tape to kampar, og dei må vinne tre for å gå forbi. Det er ein kjempesjanse for Sogndal å få forsprang, seier den tidlegare Sogndal-spelaren.

– Viktig kamp

– Odd vann mot Viking og er i praksis langt framfor. Viking vil også berge plassen. Difor er denne kampen så ufatteleg viktig. Med tap er Start på like mange poeng som Sogndal, og då har dei «fått bensin på elden», held Navarsete fram.

Sogndal har vist gode takter siste tida, om ein ser vekk frå 0-4 kollapsen i Haugesund. Det er også einaste tap på haustens seks første kampar.

Samstundes er det berre mot botnkollega Sarpsborg 08 det er blitt full pott i haust.

Assistenttrenar Håvard Flo deler synspunkta om viktigskapen i Start-kampen.

– Skulle vi gjere jobben, så har vi posisjonert oss veldig bra med tanke på det eine laget, seier han vel vitande om at det må vere to lag bak Sogndal dersom det skal bli eliteseriespel også i 2012 på Fosshaugane.

Fordel Sogndal

Både Navarsete og Flo er klåre på at det ikkje blir noko sovepute å få sørlendingane på besøk.

– Start er ikkje så dårlege som tabellen viser, men det er ofte problemet for eit lag som kjem i ein slik situasjon. Dei var i toppen i starten, og er ikkje budd mentalt på å ligge i botnen. Fredrikstad opplevde det same då dei rykte ned. Det er fordel Sogndal, seier Navarsete.

Svoltne på poeng

Start tok seg vidare i cupen på kostnad av fjorårets cupvinnar, Strømsgodset. I serien har sørlendingane spelt åtte kampar utan siger.

Einaste poeng denne perioden kom i heimemøte med Sogndal.

– Det blir langt ifrå noko sovepute. Dei kjem her svoltne på poeng og har byrja å få spelarar attende i posisjonar der dei har vore sårbare. Vi må prestere opp mot det beste om vi skal ta Start. Det blir knallhard jobbing, seier Flo.

Treng 30 poeng

Før søndagens oppgjer står det att 12 kampar av Sogndal sin comebacksesong i eliteserien i fotball.

– Klarer dei 30 poeng, så trur eg det held godt. Og det er heime det må gjerast, meiner Navarsete.

Slik tabellen ser ut no, er det nettopp mellom Start, Sarpsborg 08 og Sogndal kampen vil stå. Navarsete trur ikkje at Sarpsborg 08 klarer å snu den negative trenden dei har kome inn i.

– Det har med heile organisasjonen å gjere. Dei har ikkje vore i eliteserien før, og var ikkje budde på kva dei møter, meiner han.

– Det vil nok bli ein knallhard kamp heilt inn, legg Flo til.