Hopp til innhold

Tek Hovland-avgjerd laurdag

Tore André Flo er definitivt ute, medan Even Hovland framleis er usikker til søndagens oppgjer mot Start.

Sogndal - Sarpsborg 08

UVISS: Laurdag blir det avgjort om midtstopparkjempa, og sogndalkapteinen, Even Hovland blir å finne i troppen mot Start.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Det er framleis uvisst om Sogndal må klare seg utan kapteinen sin for fjerde kamp på rad.

Even Hovland har slite med ein strekk i muskulaturen, og ro har vore den einaste medisinen.

– Vi må sjå på han i morgon. Om han ikkje blir med, så er han i alle fall ganske nærme, seier assistenttrenar Håvard Flo.

Avgjort laurdag

Hovland har slite med skaden sidan 1-0-sigeren heime mot Sarpsborg 08. Den gong trudde Hovland sjølv han skulle vere klar til neste kamp. Slik gjekk det ikkje.

Etter ein visit hos landslagslege Thor Einar Andersen, vart søndagens viktige heimekamp mot tabelljumbo Start det nye målet.

– Denne veka har Even trena individuelt. Det har vore alternativ trening, ballteknisk og løp - stort sett kontrollerte ting. No har han byrja å dra på litt meir og var med på delar av speleøkta fredag, fortel Flo.

Flo ute med skade

– Vi skal ha ei økt att laurdag, og då blir det avgjort om Even blir med, legg han til.

I tillegg er det uvisst om Eivind Daniel Røed blir å finne i troppen. Eidaren har slite med eit kne. Derimot er det sikkert at Joakim Rudolfsen og Tore André Flo ikkje blir med.

– Tore André fekk ein hamstring for tre-fire dagar sidan. Så han må ta det med ro med tanke på den, seier assistenttrenaren.