Hopp til innhold

Tomålshelten fekk klem frå sjefen

Ørjan Hopen var Sogndal sin mann i kveld. To målscoringar gav Sogndal siger på Fosshaugane.

Ørjan Hopen og Harald Aabrekk

BAMSEKLEM: Harald Aabrekk gav tomålshelt Ørjan Hopen ein god klem etter kampen. - Det er fantastisk. Han kan overta no. Det fortener han, sa Aabrekk.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var ei skikkeleg perlescoring som sendte Sogndal i leiinga i første omgang.

Men Ørjan Hopen gav seg ikkje med eitt mål denne søndagen. I det 90 minutt skyt Hopen langs bakken frå 25 meter. Ballen går rett i mål.

– Første målet var eit av farsane mine som gjekk i mål. Det var herleg då, men det andre målet, å setje spikaren i kista, var no det beste, gliser tomålsscoraren.

Mål på frispark

Kampen var roleg og grå då Ørjan Hopen bestemte seg for å setje ballen i mål.

Ved eit frispark skrudde Hopen ballen over muren og i nærmaste kryss.

Hopen scora i sist kamp mot Vålerenga, var spelaren som ordna straffe i poengdelinga mot Rosenborg, og var mannen som sytte for eitt poeng då Sogndal vitja Sør Arena og Start i vår. Søndag ordna venstresleggja hans tre nye poeng.

– Med den venstrefoten til Ørjan, så har han eit levebrød, seier trenar Harald Aabrekk og tomålshelten ein god klem.

– Den var rusten i eit par år, men no er den på gang. Det spørst om eg ikkje må forsikre venstrefoten no, spøkjer Hopen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen har gitt Sogndal 1-0 over Start.

1-0: Ørjan Hopen knallar til frå kring 20 meter. Alexander Lund Hansen i Start-buret kan berre sjå ballen trille langs nettmaskene.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Takksam for tilliten

Hopen debuterte heime mot Haugesund . Sidan har midtbanespelaren med fleire aldersfastlagde landskampar prestert godt nok til å halde plassen.

Mot Start vart Henrik Furubotn flytta ned på backplass for å gje 19-åringen plass på midtbana. Hopen gav Aabrekk endå ein grunn til ikkje å sette han attende på benken.

– Det er sjølvsagt herleg det. Eg har brukt eit par år på det, men no byrjar det å ta form. Eg er bere takksam for at Harald gir meg tilliten, seier han.

Keeper tek skulda

Framfor 4 104 tilskodarar, var Sogndal det førande laget i første omgang.

Og det var fortent då Hopen knalla frisparket frå kring 20 meter bak Alexander Lund Hansen som spelte sin første seriekamp i Start-målet.

– Sjanselaus var eg ikkje, eg kan godt ta den på mi kappe. Eg er bortpå, men får ikkje slått ut. Av ein eller annan grunn går den innanfor. Det er eg veldig, veldig irritert på, resignerer trønderen.

– Treng 10-12 poeng til

Etter kvilen tok gjestene frå Sørlandet over spelet, men skapte fint lite framfor Kenneth Udjus i heimeburet. Med eit Start-lag høgare på bana, skapte det nye rom for heimelaget framover.

Sigeren gir Sogndal ei luke på fire poeng til laga under nedrykksstreken.

– Det var viktig med tre poeng i dag. Vi må sikkert ha 10-12 poeng til, så det er lang veg att, seier Hopen.