DUELL: Henrik Furebotn i duell med Espen Hoff om ballen.
KJENT STIL: Henrik Furebotn er attende etter skade, men måtte finne seg i å spele back mot Start.
VEKK: Per Egil Flo lite nøgd med å ha Espen Hoff på slep.
FEKK SJANSEN: Start-trenar Mons Ivar Mjelde (på storskjermen) gav Alexander Lund Hansen sjansen frå start mot Sogndal.
TEK SKULDA: Lund Hansen var på frisparket til Ørjan Hopen, men måtte likevel sjå ballen gå i mål til 1-0 for heimelaget.
HELTEN: Tomålsscorar Ørjan Hopen (i midten) jagar Espen Søgaard.
ANONYM: Sogndal sin toppscorar, Ole Jørgen Halvorsren, fekk ikkje herje like fritt som han har brukt å gjere i år.
MÅLLAUS: Begge toppscorarane i eliteserien har reist mållause frå Fosshaugane. Her er det Ole Martin Årst som prøver forgjeves å få ballen bak Kenneth Udjus.
KONTROLL: Per Egil Flo og resten av Sogndal-forsvaret hadde god kontroll på Ole Martin Årst og Start.
SEINT: Espen Søgaard meinte sogndalkeeper Kenneth Udjus brukte for lang tid på utspela. Her hentar han ballen slik at Udjus får tatt eit raskare utspel frå mål.
FORBI: Amin Nouri lurer av Cato Hansen.
KAPTEIN: - Alle skreik 'nei, nei, nei! Ikkje gi det til han'. Då tek eg i alle fall på meg kapteinsbindet, ler Mats Solheim som for første gong bar kapteinsbindet i ein heimekamp for Sogndal. Eigentleg var det Per Egil Flo, som skulle ha det.
TELJING: Espen Børulfsen og dommar Brage Sandmoen støytte saman. Den svartkledde måtte ha hjelp for å komme seg på beina att.
FAVORITTLAGET: Så glad blir Kenneth Udjus når han får vere med og slå favorittlaget Start. - Det er klart at det er spesielt å sjå Start i botnen, men i ein slik kamp er det berre å leggje alle kjensle til side, seier sogndalkeeperen.
JUBEL: Ørjan Hopen (t.h.) har nett gjeve Sogndal 2-0 med sin andre fulltreffar for dagen.
SKUFFA: Trenar Mons Ivar Mjelde hadde ingen problem med å fortelje om kor skuffa han er over prestasjonane til spelarane sine.
NØGDE: Over 4 000 publikumarar var nøgde etter full pott for Sogndal.
GRATULERER: Fylkesordførar Nils R. Sandal og ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, gratulerte Sogndal med den ferdigutbygde storstova Fosshaugane Campus, og fekk kvart sitt rosa skjerf av klubben.
HEIDRA: Før kampen mottok Stefan Aase blome på vegne av gutelaget til FSK som vann Dana Cup i sommar.