Hopp til innhold

Borgersen taus om Sogndal-jobben

Søndag kveld var Bård Borgersen med på å tape for Sogndal som Start-spelar. Neste år kan det vere han som trenar Sogndal.

Bård Borgersen etter Sogndal-kampen.

INGEN KOMMENTAR: Bård Borgersen vil ikkje kommentere at han blir kobla til Sogndal-jobben.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Det må du høyre med Sogndal-folka om. Eg kjem ikkje til å kommetere dette, seier Bård Borgersen etter å ha vorte konfrontert med at han blir kobla til jobben som Sogndal-trenar.

Men han såg ikkje overraska ut over at spørsmålet kom…

Aabrekk snart ferdig

Harald Aabrekk har varsla at han gir seg som Sogndal-trenar når 2011-sesongen er over. Sogndal-styret er no inne i ein prosess der dei skal finna etterfølgjaren hans, og fleire ulike trenarnamn har vorte løfta fram. Sogn Avis hevdar at sogndølen Ørjan Christiansen som no trenar Kvik/Halden er eit aktuelt namn, medan VG har lansert Tor Thodesen.

Legg snart opp

Frå godt informert hald blir det likevel hevda at Borgersen er svært aktuell. 39-åringen er inne i sin siste sesong som spelar og trenar i tillegg Start sitt andrelag. Han er i ferd med å fullføre den høgste, norske trenarutdanninga og gav i 2006 ut boka "Bli en betre fotballspiller".

Borgersen har i tillegg til Start spelt for Bryne, Odd Grenland og danske Aalborg. Han har ti landskampar for Norge og har skåra to mål.

Kartleggingsfase

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling, vil ikkje kommentere kandidatar til trenarjobben.

"Vi er i ein kartleggingsfase" skriv han i ein SMS til NRK.
Styreleiar i Sogndal Fotball Tor Arne Ness, har tidlegare sagt at dei reknar med å ha den nye trenaren klar før 2011-sesongen er over.