Hopp til innhold

Set sitt politiske liv på spel

SV sin førstekandidat til fylkestingsvalet, Norvall Nøringset, vil setje heile sin politiske karriere på å stogge planane om rutilutvinning i Naustdal.

Norvall Nøringset

GAMBLAR: Så viktig er gruvesaka for SV at Norvall Nøringset vil setje sitt politiske liv på spel.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nøringset fryktar at Førdefjorden skal opne for sjødeponi ei rekkje stader i landet.

– Vi gjer alt vi kan innover mot departement, mot Storting, for å forstå kor viktig denne saka er miljømessig. Eg meiner det som skjer her ute kanskje er den viktigaste miljøsaka i Norge. Det er nett ei symbolsak om ein skal tillate fjorddeponi eller ikkje. Det gjeld kanskje heile landet etter kvart om dette blir godkjent, sa han.

Solhjell på synfaring

Uttalen kom i samband med synfaringa til SV sin parlamentariske leiar, Bård Vegar Solhjell, i går. Med på synfaringa var også SV'arar, Naturvernforbundet og Miljøgruppa for vern av Førdefjorden.

Saka om rutilutvinning i Engebøfjellet ligg no på Miljøverndepartementet sitt bord, der SV har statsråden. Alt tyder på at dei omstridde gruveplanane i Vevring, kan bli ei vanskeleg sak for Regjeringa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bård Vegard Solhjell

SYNFARING: Bård Vegar Solhjell såg med sjølvsyn området der Nordic Mining vil starte gruvedrift.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg og SV er i mot eit fjorddeponi. Fordi det er miljømessig for usikkert i høve til oppdrettsnæring, havbruk, i forhold til fiskebestand og i forhold til dei ukjende følgjene, sa Solhjell.

– Veldig nærme

For det er fjorddeponiet som gjer industriplanane til Nordic Mining så vanskelege. Gruva skal gi 170 direkte arbeidsplassar, og er spådd store ringverknader.

Samstundes vil selskapet i 40 år dumpe overskotsmasse i Førdefjorden. Fire kilometer av fjorden vil bli lagt aude.

– Det er 700 meter ned til dei næraste husa. Det er nær Vevring, det er nær Kvammen på andre sida, og så ser eg at Redalsvika, som er ein viktig gyteplass for torsken, er rett her inne og fjorden er rett ned. Det er nær folk og det er nær fjorden, sa Solhjell.

Miljønæring

Mineralet rutil blir brukt som kvitningsstoff i til dømes tannkrem og maling.

Men SV vil ikkje akseptere eit sjødeponi i ein nasjonal laksefjord som Førdefjorden, lova Solhjell som på Vevring vart møtt av 60 gruvemotstandarar etter synfaringa i fjellet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gruvemotstandarar i Vevring.

LA LEVE: Gruvemotsandarar i Vevring møtte med kamprop om å la Førdefjorden leve.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har store mineralressursar i Norge. Det kan bli ei viktig næring, men då må vi stå miljøtesten. Vi må gjennomføre mineralutvinning og bergverksdrift som er miljømessig forsvarleg. Slik eg får presentert planane, så er eg i mot det. Vi må tvert imot syte for at bergverksnæringa blir ei miljønæring i framtida, sa Solhjell.

– Berekraftig vedtak

Lokalt har både Ap og Sp gått inn for planane, medan heller ikkje fylkesmannen har gått imot planane. Det har derimot SV, Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet.

Bård Vegard Solhjell og Håkon Myrvang

USAMDE: Bård Vegar Solhjell og Ap-ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) set sin lit til at hans eige parti bankar saka igjennom i regjering.

– Eg vil halde fram som politikar og ordførar for at vi skal få det til. Etter mi meining har vi eit berekraftig vedtak, eit framtidsretta vedtak, vi har lagt inn veldig strenge vilkår for deponeringa. Og kor lang tid dei brukar på å ta ut rutilet? Dei seier 50 år men det kan vere at dei må setje ned farten så det går 75 år, seier han.

– Kan få det til

Miljøverndepartementet fekk saka oversendt like før ferien, men kan overfor NRK ikkje seie noko om når ei avgjerd blir teken.

– Kor vanskeleg blir dette for SV i regjering?

– Vi har makta då, så då kan vi vere med å bestemme. Vi har vist at når vi legg kreftene til på ei viktig miljøsak så kan vi få det til. Men eg tykkjer også at dette er ei viktig næringssak, sa Solhjell.