Hopp til innhold

Følg med når fylkespolitikarane skal bestemme seg i Fjord1-saka

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Torsdag kjem Fylkestinget saman på Hermannsverk for å avgjere om dei skal nytte forkjøpsrett og kjøpe Møre og Romsdal sine aksjar i Fjord1. Den diskusjonen kan du følgje via nett-TV direkte på NRK Sogn og Fjordane frå klokka 13.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Møre og Romsdal har selt sine aksjar i Fjord1 til sunnmøreselskapet Havila A.S for vel 350 millionar kroner, men Sogn og Fjordane Fylkeskommune har forkjøpsrett.

Politikarane er delte

Når fylkestinget torsdag skal ta stilling til dette, veit vi at eit fleirtal av Sp, Ap og SV ikkje ønskjer å nytte forkjøpsretten. Dei vil at Havila skal få kjøpe nabofylket sine aksjar samtidig som at Sogn og Fjordane framleis skal behalde sine 59 prosent av aksjane i selskapet, slik det er i dag.

Mindretalet med Frp, Høgre, Venstre og Gunvor Sunde frå Samfunnsdemokratane vil nytte forkjøpsretten, men er usamde om kva som så skal skje.

Gunnvor Sunde ønskjer at fylkeskommunen i framtida skal vere eineeigar av heile Fjord1, men det er ho aleine om.

Duka for spennande debatt

Frp, H og V seier fylkeskommunen først skal nytte forkjøpsretten, og snarast førebu å selje seg ned. Dei seier ikkje kor mykje dei vil selje, men vi veit at Frp ønskjer å selje alt, Høgre er litt meir usikker på det, men meiner fylket må eige mindre enn i dag.

Også Venstre vil kjøpe, for så å selje seg ned. Men dei har dei siste dagane sådd tvil om kva dei eigentleg meiner om sal.

Krf var ikkje med då fylkesutvalet drøfta saka sist veke, men dei er i utgangspunktet einaste partiet som var innstilt på å følgje tilrådinga frå fylkesrådmannen om å la Havila få kjøpe både Møre og Romsdal sine aksjar og i tillegg 25 prosent av Sogn og Fjordane sine.

Endeleg avgjerd tek fylkestinget torsdag ettermiddag. Debatten mellom fylkespolitikarane vert sendt direkte i NETT-tv. NRK sin kommentator Eldgrim Fossheim vil undervegs kommentere debatten og svare på spørsmål frå lesarane.