Hopp til innhold

Kommune støttar søksmål frå sjukehusaksjon med pengar

Eit samrøystes formannskap i Eid gir 10 000 kroner til sjukehusaksjonen sitt søksmål mot Helse Førde.

Svein Hansen

NØGD: Svein Hansen vart både paff og glad då han fekk høyre om vedtaket i Eid formannskap.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjukehusaksjonen vurderer å gå rettens veg for å tvinge Helse Førde til å oppretthalde tilbodet .

Eit slik rettsleg steg vil vere det første av sitt slag .

– Sjukehusaksjonen er veldig glad for det. Ikkje minst fordi at dei vil støtte oss. Det varmar endå meir, seier leiar i sjukehusaksjonen, Svein Hansen.

Vil ha sanninga

Med regjeringa si velsigning vedtok Helse Førde i vår å leggje ned fødeavdeling og ortopeditilbod ved Nordfjord sjukehus.

Men sjukehusaksjonen i Nordfjord har ikkje gitt opp kampen . I kveld avgjer styret i sjukehusaksjonen om dei skal gå rettens veg for å stogge nedlegginga.

– Eg vil ikkje vere dommar, men eg vil ha fram sanninga, seier Hansen.

Viktig med løyving

Aksjonen har gjennom tekstmelding oppmoda nordfjordingane om å støtte aksjonen med pengar. Også kommunar som soknar til sjukehuset er oppmoda om å løyve pengar til eit eventuelt søksmål.

Under torsdagens formannskapsmøte støtta representantane frå både Senterpartiet, Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Venstre opp om å løyve 10 000 kroner til aksjonen.

– Vi tykkjer det er viktig å løyve pengar, fordi sjukehuset er viktig for Eid og Nordfjord, seier Ranveig R. Årskog (Sp).

Også ordførar Sonja Edvardsen (Ap) stemde for pengestøtta.

– Vil ha avklaring

Sonja Edvardsen

VIL HA AVKLARING: Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– På politisk nivå jobbar vi klart for å få ei avklaring. Vi meiner at vedtaket og situasjonen ved Nordfjord sjukehus strir med det Stortinget har vedtaket når det gjeld kirurgisk aktivitet, seier Edvardsen.

– Som Ap-politikar, så gir du støtte til noko som går i mot eit vedtak som regjeringa har gått god for?

– Det har eg vore klar på heile tida. Eg har kjempa for å få oppfylt eit heilt anna vedtak når det gjeld nordfjord sjukehus, legg ho til.

Ap merkar sinne

Helse Førde vil ikkje kommentere saka, og viser til at det no er opp til helsedepartementet å svare på om avviklinga av ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus blir utsett.

På Eid har spesielt Arbeidarpartiet fått merke at folk er sinte på regjeringa.

– For meg er det for så vidt same kva politisk farge som er på taburettane, men det som er viktig for meg er at det blir personar som torer å seie ifrå og som torer å seie ifrå om at folk i nordfjord har krav på same rettar som andre stadar i landet, seier Hansen.