Hopp til innhold

No er Longva-perioden over

Kjartan Longva-perioden som ordførar i Høyanger er over

Høyanger
Foto: Gunnar Sigmar Håre

Når Kjartan Longva (Ap) no gjev seg som ordførar i Høyanger etter 16 år, er det ein av dei mest markante ordførarane i fylket som gjev seg.

Han har vore ordførar i ein periode der Høyanger har hatt store utfordringar. Ei av dei største var knytt til felgfabrikken Fundo med fleire hundre arbeidsplassar, som vakla i mange år før den omsider ramla. Jobb nr. 1 har vore å skaffe nye, sikre arbeidsplassar.

Den jobben er ikkje ferdig.

Ap-bastion

Industrien har gjort Høyanger til ein Ap-bastion. Partiet har ikkje same posisjon som i Årdal, men har lagt tett opp under 50prosent ved mange val. I 2003 var dei over, medan dei i 1999 gjorde eit dårleg val og var nede på 36 og vart hardt utfordra av Høgre.

Longva tok over ordførarklubba etter sin gode venn Arvid Lillehauge. Lenge var det ope kven som skulle følgje etter Longva. Første kronprinsessa han hadde plukka ut, Ingrid Heggø, for på Stortinget. Den andre, noverande varaordførar Monica Oppedal vil heller vere partisekretær på fylket.

Til slutt sa Longva sin nære venn og medarbeidar, næringssjef Petter Sortland ja til å ta over ordførarklubba – og høgst sannsynleg blir det slik.

Utfordrarar

Dei som prøver å utfordre Ap i Høyanger er nok ein gong Høgre som stiller med veteranen Oddvar Østerbø. Østerbø har tatt over topp-plassen etter Ingrid Astor.

Senterpartiet trur sterkt på sin mann: Geir Helge Østerbø.

Raudt

Høyanger er ein av fire kommunar i fylket der partiet Raudt har stilt lister og fått oppslutning dei siste åra. Ved sist val fekk partiet heile 11,4prosent og to representantar i kommunestyret. I år har partiet gitt opp å stille liste i Førde og Vågsøy, men kjem tilbake med liste i Høyanger.

Venstre

stiller liste i Høyanger i år – for første gong på 40 år. Førstekandidaten er ein engelskmann, Thomas James, som jobbar som lærar i kommunen. Litt spennande å sjå kva oppslutning partiet får, og kven dei eventuelt tar stemmer frå.

Det er også verdt å merke seg at Høyanger er ein av to kommunar i fylket der Kystpartiet framleis stiller liste. Den andre er Askvoll. Kystpartiet stiller med Asbjørn Massnes – og har ennå til gode å komme inn i kommunestyret.

Andre listetoppar er Anne Catherine Fasmer Eide (SV) og Sissel Sørebø (Krf)

Arbeidsplassar

Hovudutfordring for Høyanger er arbeidsplassar. Etter Fundo-konkursen steig arbeidsløysa i kommunen vesentleg. Og sjølv om Fundo er på veg opp att og Nordic Power System er i gang med ein stor fabrikk på Kyrkjebø, tar dette tid.

No får Høyanger ein god slump pengar som følgje av heimfall av kraft. Det blir truleg største diskusjonen i tida som kjem: Korleis bruke desse pengane.

Høyanger - kommuneval

 

Ap

SV

RV

SP

KrF

H

Frp

Andre

Kyst

1995

44,1

7,8

7,1

16,7

6,1

14,3

3,9

 

 

1999

36,4

6,5

7,9

12,6

5,7

27,7

3,3

 

 

2003

51,6

5,8

3,2

11,7

3,2

13,2

2,6

8,8

 

2007

46,0

4,2

11,4

14,7

4,1

18,5

  -

 

1,0