Hopp til innhold

Dei debatterte framtida til fylket

Tysdag ettermiddag var det duka for valsendinga frå fiskarhovudstaden Måløy.

Paneldebatt frå Måløy.

DEBATT: Tema for debatten i Måløy var framtida til Sogn og Fjordane.

Foto: Steinar Lote / NRK

Paneldeltakarane fekk spørsmål om korleis ein kan skape nye arbeidsplassar i åra som kjem, og korleis ein skal få folk til å bli verande i Sogn og Fjordane.

I tillegg måtte dei svare for kva som må gjerast for å få fleire til å flytte hit?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nokre meiner at Sogn og Fjordane med sine 108 000 innbyggjarar er eit fylket for spesielt interesserte. I sendinga møttes kommune- og fylkespolitikarar til debatt om framtida.

Dei som var med i debatten:

  • Kristin Maurstad – ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Vågsøy.
  • Rolf Domstein – erfaren næringspolitikar og står på 5. plass på lista til Vågsøy Høgre.
  • Jenny Følling–Senterpartiet sin førstekandidat til fylkestinget. Ho kan bli vår neste fylkesordførar.
  • Alfred Bjørlo–Står på 1. plass på Venstre si liste i Eid, og vil gjerne bli ny ordførar. Partiet har 42 prosent oppslutning på siste meiningsmåling som er gjort i kommunen,
  • Tore Storehaug–fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrFU, og medlem av landsstyret i KrFU.

Programleiar Gro Ravnestad hadde også med bankdirektør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane og Sindre Kvalheim som er IT-gründer og sjef i bedrifta LocalHost, ei bedrift som blant anna driv med datalagring.

Sjå og høyr dei to tidlegare paneldebattane: