Hopp til innhold

Terraskandale og auka eigedoms-skatt pregar politikarane i Vik

Terrakommunen Vik må enno vente nokre år før dei får økonomi til å drive politikk med.

Vik i Sogn
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vik er saman med Bremanger dei to kommunane her i fylket som fekk svi for i den mykje omtala Terra-skandalen.

No har politikarane alt teke samling i botn. Dei har sett kommunen på økonomisk sparebluss.

Fylkesmannen har plassert dei på Robek-lista, og slik vil den økonomiske situasjonen truleg vere den komande kommunestyreperioden.

Vikafjellsvegen

Når kommunen ikkje har store middel til å spele seg med – dei greier t.d. ikkje å hoste opp nok pengar til å bli med på eit spleiselag med fylket om skuleskyss for vidaregåande elevar til og frå skule i Sogndal – ja, så kan dei i alle fall stå saman og kjempe for noko som andre må betale.

Vik har i ei årrekkje kjempa for heilårsveg over Vikafjellet til Voss. For ein kommunen som har ferje over Sognefjorden og delvis vinterstengd veg over fjellet som einaste livsåre mot utaverda – er i realiteten isolert i deler av døgeret vinterstid. Det er ingen god situasjon når ein skal motivere næringslivet til å satse i kommunen.

No er Vikafjellsvegen blitt riksveg, og Vegvesenet har starta sin planprosess. No er det kamp om plass på Nasjonal Transportplan og deretter pengar og realisering som samlar politikarane i Vik

Eigedomsskatt

blir sjølvsagt eit tema når økonomien er hardt pressa. Vik har innført slik skatt, men den kan aukast.........

Kven blir ordførar?

Senterpartiet og Arbeidarpartiet har skifta på å ha ordførarstolen i Vik, og dei har skifta på å vere varaordførar.

Marta Finden Halseth (Ap) var varaordførar førre periode og ordførar denne. Ho stiller på igjen – med den fordel det ofte gjev ved ny konstituering.

Olav Turvoll (Sp) ha vore varaordførar, og også han stiller på igjen.

Sp og Ap som har vore i posisjon gjennom mange år, heftar også for Terra-skandalen. Om det slår ut når veljarane går til urnene denne gongen, er eitt av spenningsmomenta.

Største parti bak dei to store ved sist val, var Venstre. Morten Holmberg er listetopp. Høgre stiller igjen med Morten Midlang, SV med Olav Arnar Bøe og KrF med Liv Unni Geithus.

Frp stiller ikkje liste i Vik i år.

Vik - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

Frp

1995

34,8

7,7

34,4

6,8

7,6

8,7

 

1999

30,6

6,9

35,3

10,6

7,7

8,9

 

2003

36,1

8,9

31,6

4,9

4,1

7,3

7,1

2007

35,0

4,5

30,2

4,6

11,9

6,7

7,1