Hopp til innhold

Diger steinblokk truga trafikken

Berdalstunnelen på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er open att.

Stein som har rasa ned.

RASA NED: Ei steinblokk fall i morgontimane ned frå taket i Berdalstunnelen i Aurland. Ved nærare ettersyn vart ei langt større blokk observert laus i tunneltaket.

Foto: Arne Veum

Fjellovergangen har vore nattestengd, og skulle etter planen opne klokka 08, men vart ytterlegare stengd då ein bilist kom over ei kring 200 kilo tung steinblokk som hadde falle ned i vegbana.

Rune Dvergsdal, byggjeleiar i Statens vegvesen.

UVISST: Rune Dvergsdal, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Foto: Arne Veum

Sidan har det vore mykje fram og tilbake om når vegen kan opne att. Dette på grunn av ei stor steinblokk som heng laust i tunnelen.

Torsdag ettermiddag melde Statens Vegvesen at vegen er opna att for normal trafikk.

– Vi ser på baksida av den, at den heng høvesvis laust. Den er så pass usikker at vi må gjere noko før vi set trafikk på vegen att, sa byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

– Blokka må ned

Det blir gjort vedlikehaldsarbeid i tunnelar i området. Dvergsdal seier dei no vil flytte desse maskinene og mannskap til Berdalstunnelen for å få reinska ned den kring kubikk store steinblokka.

Laus steinblokk i Berdalstunnelen i Aurland.

LAUS: Denne steinblokka heng laust i tunneltaket.

Foto: Arne Veum

– Vi må opp med ei større maskin for å få den ned. I tillegg kan det vere at vi må gjere noko etterarbeid bak blokka, slik at det er uvisst når vi kan opne att, sa byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen til NRK tidlegare i dag.

Har falle ned før

Det har også tidlegare falle ned stein frå det same punktet midt i Berdalstunnelen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesveg 50 er stengd ved Berdalstunnelen i Aurland.

MÅTTE SNU: Det er førebels uvisst når fylkesveg 50 blir opna mellom Hol og Aurland.

Foto: Arne Veum

– Det har ikkje vore så ofte i det siste, men det har tidlegare falle ned stein på same området. Vi har reinska og sikra i ein del tunnelar her, men framleis står det att nokre område som ikkje er sikra. Dette er eit av områda som var på beddingen til å bli sikra, seier Dvergsdal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.