Hopp til innhold

Stogga 37 tonn tungt vogntog med overlast og elendige bremsar

Statens vegvesen stogga onsdag eit 37 tonn tungt vogntog utan bremsar på semitilhengaren. Sjokkerande, seier Torgeir Bang, som var med på kontrollen.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

STOGGA HER: Det var her ved kontrollstasjonen på Håbakken ved E16 gjennom Lærdalsdalen, at det latviske vogntoget vart stogga.

Foto: May Lene Steinheim Lunden

Semitraileren frå Latvia var på veg til Bergen med full last då den onsdag vart stogga i Lærdal av kontrollørar frå Sogndal trafikkstasjon.

Den visuelle kontrollen av køyretyet gjorde at bilen fekk køyreforbod.

Meld til politiet

– I dag gjennomførte vi bremseprøver på vogntoget, og det synte seg at det var nærast null bremseeffekt på tilhengaren, fortel avdelingsingeniør Torgeir Bang.

Han let seg ikkje lenger lett sjokkere over resultatet av kontrollane i Lærdalsdalen, men han forsikrar om at dette er eit vogntog som aldri skulle vore på vegen.

– Det kontrollen avslørte er graverande. Føraren er no meld til politiet, og får ikkje forlate området før bilen er sett i køyrbar stand, seier Bang til NRK.

(artikkelen held fram under biletet)

Torgeir Bang i Statens vegvesen demonstrerte den nye kontrollstasjonen

SJOKKERT: Torgeir Bang i Statens vegvesen opplever stadig vekk utanlandske køyrety i svært dårleg stand.

Foto: Ole Erik Grinde

Livsfarleg på vegen

Den latviske sjåføren har fått eit gebyr på 4250 kroner for overlast, og eit forelegg på 5000 kroner for manglande bremsar.

– Selskapet som driv vogntoget hevdar at alt er i orden, men våre kontrollar syner at dette slett ikkje er tilfelle. Dette vogntoget er direkte livsfarleg ute på vegen slik tilstanden er no, sler Bang fast.

To på ei veke

Dei siste åra har han vore med og avslørt ei rekkje farlege vogntog på vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdalsdalen. Mange av desse vogntoga er utanlandske, men køyrer varer for norske oppdragsgjevarar.

– Det vel godt hende at vi ikkje er så uskuldige vi nordmenn heller då, når det gjeld desse vogntoga, seier Bang.

Dette latviske vogntoget er det andre på under ei veke som har fått køyreforbod etter å ha blitt stogga i kontroll på Håbakken.