Hopp til innhold

Slik vart avisa ufrivillig morosam

Tittelen i saka til Sogn Avis vart nok ekstra godt lesen. Men det var ikkje heilt meininga at det skulle bli slik ......

Uvanleg tittel i Sogn Avis

UVANLEG TITTEL: Denne tittelen møtte lesarane av Sogn Avis på måndag.

Foto: NRK

– Hehe. Dette var noko vi hadde glede av på morgonmøtet også, humrar Jan Inge Fardal.

Han er redaktør i Sogn Avis, og kunne måndag morgon slå fast at det nok hadde gått litt fort i svingane på desken i helga.

Med tittelen «Full politikar semje om betongteppet» var det nok fleire av abonnentane som også trekte på smilebandet.

Vart kommentert på morgonmøte

– Det skulle ikkje ha vore orddeling mellom orda politikar og semje. No fekk setninga ei underleg tyding, seier Fardal.

Tittelen er å finne på side ti i avisa, og har allereie byrja å spreie seg på sosiale medium.

– Eg har ikkje fått nokre reaksjonar sjølv, eg har hatt nok å gjere med valet – men det var kommentert på morgonmøtet vårt, seier Fardal.

Han legg til:

– Men det er jo inga krise. Dei aller fleste skjønar nok kva som eigentleg skal stå der.

... Men det kan gå langt verre

Redaktøren er oppteken av at tittelen som står på trykk ikkje gir noko meining, sjølv om ein lesar med ein gong oppfattar tittelen til å handle om ein full politikar.

Dessutan har Sogn Avis opplevd langt verre tidlegare:

«Norges Neger- og Fiskerforbund» overgår nok det aller, aller meste ......

– Det er ein klassikar hos oss. Så dagens tittel er nok ikkje heilt på høgde med den, ler Fardal.