Kystmuseet i Florø står på sviktande grunn. Grunnen er rett og slett i ferd med å forvitre totalt, men også innvendig er museet i dårleg stand.
Då statsminister Jens Stoltenberg vitja museet under valkampen tidlegare i haust fekk han og resten av dei frammøte eit tragikomisk døme på at ikkje alt er som det skal.
Sjå video øvst i saka.
– Oisann, hjelp
Det var dekka på til fleire prominente gjester då Stoltenberg 30. august vitja Florø i samband med valkampen. Han presenterte Arbeidarpartiet sitt næringsprogram for Vestlandet, og hadde mellom anna med seg næringsminister Trond Giske.
- LES OGSÅ:
Men før Stoltenberg fekk kome til orde, vart dei vel 40 gjestene ønskt velkommen av Åshild Kjelsnes som på det tidspunktet var ordførarkandidat for Ap i Sogn og Fjordane.
Sjølv om talen kan ha vore minneverdig, fekk også det som skjedde bak Kjelsnes merksemd. Midt i talen losnar plutseleg ei fjøl frå veggen. Med eit brak gjekk den rett i golvet og trefte ein av dei innleigde musikarane i hovudet.
– Ojsann, hjelp, sa Kjelsnes som ilte til for å sjekke om musikaren var skadd.
Musikaren som fekk bjelken i hovudet skal ha fått lettare skadde.
Som ein kan sjå av videoen øvst i saka er det fleire av gjestene som tydeleg kvepp til då planken losnar. Jens Stoltenberg skal sjølv ikkje ha kommentert hendinga overfor Kjelsnes, men ho skal på eige initiativ har fortald statsministeren at ein er i gang med ein prosess for å ruste opp museet.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
– Sørgjeleg tilstand
Då NRK nokre veker seinare viser klippet til Kjelsnes kan ho først ikkje anna enn å le. Men ho ser også svært alvorleg på det som er i ferd med å skje på Kystmuseet.
– Tilstanden er sørgjeleg, seier Kjelsnes.
Og det er for alvor i ferd med å gå gale med museet i kystbyen. I 25 år har grunnmuren vore plassert under vatn, og det har tært på.
– Vi ser kvar dag beviset på at ting ikkje er som det skal. Betongen er utsett for slitasje, den smuldrar rett og slett opp. I tillegg får armeringsjarnet kontant med oksygen, slik at det rustar og forvitrar, seier Berit Høyvik som er museumsdirektør.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Museet kan rase på sjøen
Høyvik seier situasjonen er svært trist, og svært alvorleg. Det hastar med å gjere noko.
– Det verste som kan skje er at museet bokstavleg talt forsvinn ut i havet, men eg håpar det ikkje treng skje, seier Høyvik til NRK.no.
Som så mange andre stadar er det pengane det står på. Museet har fått 5 millionar frå Sogn og Fjordane fylkeskommunen, men undersøkingar viser at det trengst meir enn det dobbelte for å redde Kystmuseet.
– Eg håpar vi får den hjelpa vi treng til å få museet i den stand det bør vere, seier Høyvik.
– Ikkje så dramatisk
Styreleiar for musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt meiner situasjonen ikkje er så dramatisk som Høyvik skisserer.
– Hovudproblemet er at dess lenger tid det går med å få ordna opp i dette, dess dyrare blir det å få museet i orden. Men det er ikkje snakk om at huset skal ramle over ende, seier Mowatt til NRK.no.
At ein planke ramla ned frå veggen meiner Mowatt i utgangspunktet ikkje har noko med den dårlege tilstanden til museet å gjere, men heller kor godt plankane er spikra fast i veggen.
Han er likevel klar på at det hastar med å få pengar på plass for å starte oppussinga. I første omgang meiner Mowatt ein må få kvalitetssikra prosjektet for oppussing.
– Vi er nøydde til å ha eit kvalitetssikra prosjekt dersom vi skal få inn anbod på oppussing. Fylket har bidrege med fem millionar, vi meiner staten må betale resten, seier Mowatt.
I tillegg meiner Mowatt at Flora kommune må få orden på vegen ut til Kystmuseet.
Kan ikkje love pengar
Etter eit godt val for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane er det klart at Åshild Kjelsnes vert fylkesordførar. Sjølv om ho fekk oppleve på nært hald korleis museet er i ferd med å rotne på rot kan ho ikkje love meir pengar.
– Eg kan ikkje love ein fullfinansiering av opprustinga før budsjettforhandlingane er begynt, seier Kjelsnes og legg til:
– Men det er heilt openbart at museet er i dårleg forfatning og at det må gjerast noko raskt.