Hopp til innhold

MC-førar skadd i trafikkulukke

Ein mann i 30-åra er frakta til Førde sentralsjukehus etter ein kollisjon mellom motorsykkel og bil.

Trafikkulukke på Nordfjordeid

SKADD: Ein MC-førar er flydd med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Foto: Trond Kjetil Rendal

Trafikkulukka skjedde på riksveg 15 like utanfor sentrum i Nordfjordeid, i retning Måløy.

– Mannen køyrde motorsykkelen og han blir flydd til sentralsjukehuset. Skadeomfanget er førebels ukjend, seier operasjonsleiar Einar Vereide i politiet.

I bilen sat det ei kvinne tidleg i 20-åra. Ho kunne reise heim etter ein legesjekk.

Politiet fekk melding om ulukka ti over halv tolv laurdag føremiddag. Dei blei lange køar på staden og politiet dirigerte trafikken.