Hopp til innhold

Storslått feiring av Bringeland

Talar, blomstar, musikkinnslag og rundflyging var noko av det som var med på å markere 25- årsjubileumet til Førde Lufthamn Bringeland søndag.

Bringeland 25 år

25 ÅRSJUBILEUM: Jenny Følling (Sp.) og avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal var blandt dei mange som møtte opp for å feire flyplassen.

Foto: Ingrid Risnes

Store og små hadde søndag tatt turen til Førde Lufthamn Bringeland for å vere med på markeringa av 25 årsjubileumet til flyplassen.

Stor utvikling

Ordførar i Gaular, Jenny Følling, opna jubileumsprogrammet med å slå fast at mykje har skjedd for flyplassen sidan den vart opna som fylkets første i Førde i1970.

I 1972 hadde flyplassen med 4 månadars drift berre 6400 besøkjande, medan det i 2011 ser det ut til å verte over 80 000 besøkjande.

– Det er eit aukande behov som fortel noko om framtida, slo Jenny Følling fast. Vi håpar at innan 10 år vil vi klare 100 000 besøkjande.

Ikkje berre flyplass

Følling seier at Førde Lufthamn Bringeland ikkje berre er ein flyplass, men også ein viktig arbeidsplass for mange.

Om ein tar med aktiviteten til Airlift og Fjordane Flyklubb kan ein rekne rundt 100 tilsette.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bringeland flyplass

BRINGELAND: Flyplassen på Bringeland opna 31. August i 1986 etter 16 års drift i Førde.

Foto: Ingrid Risnes

– Dei som snakkar om nedlegging av flyplassen forstår lite kva dei snakkar om, meinte Følling.

Noko å vere stolt av

Innlegg ved lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal og tidlegare samferdselsminister Kjell Opseth, historiske tilbakesyn ved tidlegare ordførarar Reidar Tveit og Per Kjelstad og helsingar frå lokale politikarar bidrog alle med mange lovord om Førde Lufthamn.

I helsingane var det ingen tvil om at Førde Lufthamn Bringeland er ein flyplass å vere stolt av, og som er avgjerande for vekst og nyetablering.

Ser lyst på livet

Også i Fjordane Flyklubb var stemninga på jubileumsdagen til flyplassen god. Skulesjef Ove Svalheim og Olav Osvoll kunne glede seg over ny, ferdigstilt hangar, eit nytt- og eit reparert fly.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordane Flyklubb

GLAD: Kasserar i Fjordane Flyklubb, Olav Osvoll, er godt nøgd med å ha fått reparert vinga på flyet som vart skada då hangaren til flyklubben kollapsa i vinter.

Foto: Ingrid Risnes

Dermed er klubben med sine 34 medlemmar klare for full aktivitet igjen etter at hangaren kollapsa av store snømengder på taket i vinter.

– No ser vi lyst på livet! kunne Olav Osvoll slå fast.

Gode råd

For dei som ikkje fekk med seg markeringa av Førde Lufthamn Bringeland sitt 25 års jubileum kan mellom anna Kjell Opseth sine gode råd vere flotte å ta med seg vidare:

- Vær aktiv, nytt flyplassen og stå på for oppretthalding og utviding!

Som Jenny Følling sa: Det er vår snarveg ut i verda.