Hopp til innhold

Fortalde om trakassering - no har Jarle Kirketeig fått sparken

Jarle Kirketeig fortalde om trakassering og mobbing i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane. No har han fått sparken.

Jarle Kirketeig

FØLER SEG MOBBA: Jarle Kirketeig har i haust stått fram og snakka om dei indre problema i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Saman med fleire andre tilsette i Fellesforbundet gjekk Kirketeig ut i media med historier om alvorleg mobbing og trakassering frå styreleiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Magne Ulvatn. Tidleg i september vart han varsla om at Fellesforbundet vurderte å seie han opp.

No har han fått brev om at han ikkje lenger har jobb å gå til i Fellesforbundet.

– Vi er veldig overraska. Vi hadde ikkje trudd dette skulle bli utfallet, spesielt ikkje etter at vi hadde eit møte med leiinga der eg opplevde at vi hadde ein dialog, seier advokaten til Kirketeig, Thomas Jarning til NRK.no.

Føler seg mobba av leiaren

Til saman har tre noverande og tidlegare tilsette og fleire tillitsvalde i Fellesforbundet skulda fylkesleiar Ulvatn for mobbing og trakassering.

– Eg har opplevd ein leiar som har brote meg ned både psykisk og fysisk, fortalde Kirketeig NRK tidlegare i haust.

NRK har fleire gonger vore i kontakt med Magne Ulvatn og bede han om kommentar i saka. Han har kvar gong sagt nei.

Kirketeig har mellom anna fått støtte frå Fellesforbundet sin klubbleiar ved Havyard Leirvik som kravde at Ulvatn gjekk av som leiar.

Vil gå til arbeidsrettsak

For vel halvanna veke sidan møtte Kirketeig saman med advokat Jarning leiinga i Fellesforbundet i fylket til eit dialogmøte. Men no har Kirketeig fått brev om at han er endeleg oppsagt.

– Min klient har sagt at han ikkje vil godta denne oppseiinga. Vi kjem til å prøve saka for retten, seier Jarning som førebur arbeidsrettssak mot Fellesforbundet.

Advokaten meiner oppseiinga heilt tydeleg er ein sanksjon mot Kirketeig som varslar.

– Dette er usakleg og urimeleg. Det dreier seg om langvarig trakassering av Kirketeig. I staden for å behandle dette som ei trakasseringssak, så er det blitt behandla som ei sak om eit samarbeidsproblem, og det blir ikkje rett, seier Jarning og legg til:

– Dei har sagt han opp med grunngjevnad at han har eit samarbeidsproblem, noko han ikkje har, etter vår meining.

Verken Magne Ulvatn eller nestleiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Bjørn Kormeseth har fredag vore tilgjengelege for kommentar.