I følgje Sogn Avis sa dei folkevalde i Luster nei til Statkraft sine planar, med 16 mot 13 røyster.
Mindretalet i kommunestyret gjekk inn for å seie ja til utbyggjing, men kom med klare krav til NVE om kva vilkår som må liggja i botnen for ein konsesjon.
Fleirtalet derimot, meiner at Statkraft no må koma til forhandlingar, før ein eventuelt på eit seinare tidspunkt kan seie ja til utbyggjing av mellom anna Vigdøla i Jostedalen.