Øvst tronar jølstringen Ivar Helgheim med ei skattbar formue på 566 millionar kroner.
- LES OGSÅ:
Det er nær dobbelt så mykje som Hans Harry Wergeland, som
.Millionær på medisin
73 år gamle Helgheim flytta i fjor attende til heimkommunen, etter å ha budd mange år i Oslo. Han er utdanna lege og tok etter kvart over heile eigarskapen av Dr. Fürst Medisinske Laboratorium i hovudstaden.
I tillegg eig jølstringen investeringsselskap Laho og Nipa. Gjennom sistnemnde er han også hovudaksjonær i eigedomsselskapet Røgden Eiendom. Samla sett hadde desse verksemdene i fjor eit resultat før skatt på 64,1 millionar kroner.
Jølstringen Helgheim er ifølge skattelistene den med høgast skattbar formue i Sogn og Fjordane, over 565 millionar kroner.
I ei kåring Kapital gjorde tidlegare i år, over faktisk formue, var det derimot fiskeoppdrettar Ola Braanaas i Gulen som trona øvst. Han skal ifølgje fagbladet vere god for om lag milliarden.
Seks frå kysten
Ifølgje skattelistene for inntektsåret 2010, som vart sleppt natt til fredag, kjem seks av dei ti med høgast formue frå kysten. Fire av desse kjem frå Vågsøy.
Nest øvst finn vi Wergeland frå Gulen, som har bygd familieverksemda Wergeland Halsvik i Sløvåg, som er god for nær 300 millionar kroner.
Oppdrettsgründeren Ola Braanaas har hatt svært gode tider siste åra, og er god for 293 millionar kroner ifølgje skattelistene.