Hopp til innhold

Låg tunnel gjorde brått huskjøpet over 30 000 kroner dyrare

Etter 1500 kilometer møtte kjøparen av ferdighuset på eit problem. Ein 3,3 meter låg tunnel gjorde transporten over 30 000 kroner dyrare.

Husbyggjar Arnulf Bjørvik i Årdal har lenge sett fram til å busetje seg i sitt nye hus i Seimsdalen. Han kjøpte eit ferdighus frå Älvsbyhus og tinga transport frå Sverige. Men transporten viste seg å ikkje gå knirkefritt.

Nesten framme må ferdighuset nemleg gjennom ein svært låg tunnel. Seimsdalstunnelen er berre 3,3 meter høg og for å få huset gjennom må det ein både tidkrevjande og dyr operasjon til.

– Dette fordyrar transporten med minst 30 000 kroner. For min del betyr det at eg sprenger budsjettet mitt med tilsvarande sum, seier Bjørvik oppgitt.

Stogga av 3,3 meter høg tunnel

I dag er det vel 200 husstandar i Seimsdalen i Årdal. Det bur vel 500 personar her og i tillegg det ein offentleg sjukeheim i den vesle bygda. Her vil også Bjørvik byggje seg hus og på den billige tomta skal han føre opp eit ferdighus frå husprodusenten Älvsbyhus.

Huset kjem i fire delar og vert frakta på to semitrailerar. Etter vel 1500 kilometer på landevegen var det derimot full stogg.

– Problemet er at vegsambandet til Seimsdalen har ein veldig dårleg tunnel. For å få modulane gjennom her måtte vi bestille ekstra transport, med ekstra mannskap og ekstra utstyr. Det kostar, fortel Knut Arne Klingenberg som har hjelpt Bjørvik med huskjøpet.

Dyrt og tidkrevjande arbeid

Ekstraarbeidet tok både tid og krefter, og måtte gjerast i fleire etappar. Og det kostar.

I går kveld kom dei to lastebilane frå Sverige og stogga ved tunnelen. Her vart dei fire modulane etter tur løfta ned på eit lasteflak som ligg svært lågt i vegbana.

Ein og ein modul vart deretter drege gjennom den vel 1500 meter lange tunnelen. På den andre sida hadde ein fått ei kran på plass som fekk løfta modulen av og plassert den langs vegen. Etter å ha fått alle modulane gjennom i går kveld starta operasjonen opp att i dag tidleg.

– I dag har vi fått henta modulane igjen. Vi har hatt eit nytt køyrety på plass, fått løfta opp modulane igjen med kran, for så å frakte dei fram til tomta, seier Klingenberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frakta hus gjennom låg tunnel i Årdal

TRONGT: Sjølv når modulane var lasta over på det låge flaket er det ikkje mykje klaring gjennom den 3, 3 meter høge tunnelen.

Foto: Egil Jørgen Lund

– Fortvilande

Den ekstra operasjonen har gjort transporten langt dyrare enn den ville blitt dersom lastebilane som kom frå Sverige kunne køyrd heilt fram. I tillegg til transporten frå Älvsbyhus, må Bjørvik no også betale fleire lokale transportfirma for å frakte modulane det siste stykket.

– Det er fortvilande, men eg fekk beskjed av husprodusenten at dei ikkje ville køyre gjennom tunnelen med modulane. Så då måtte eg berre finne ei løysing, seier Bjørvik.

– Utgått på dato for lenge sidan

At tunnelen er utgått på dato for lenge sidan kan også forhandlar i Älvsbyhus skrive under på. Kent Emil Johansen er ansvarleg for sal og prosjektering på Vestlandet. Han er generelt oppgitt over standarden på vegnettet i vest.

– Tunnelane og vegane i Sogn og Fjordane og Hordaland vart bygde på ei tid då folkevogna var den største bilen. I dag er både vanlege personbilar og bilane til transportnæringa langt større, seier Johansen.

Oppdraget i Seimsdalen er det andre på kort tid der låge tunnelar har laga store problem når ein skal frakte ferdighuset fram til tomta. For nokre veker sidan støtte dei på eit liknande problem då dei skulle frakte eit hus til Stongfjorden i Askvoll.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferdighuset i ferd med å ta form i Seimsdalen

PÅ PLASS: Her er ferdighuset i ferd med å ta form på tomta i Seimsdalen.

Foto: Knut Arne Klingenberg

Må seie nei til huskjøparar

Johansen seier det fleire gonger må seie nei til huskjøparar på grunn av vanskelege transportforhold.

– Vi prøver å unngå å levere hus der vi ser at vegen kan by på slike problemstillingar. Vi har allereie måtte seie nei til fleire moglege huskjøparar, mellom anna i Sogn og Fjordane, seier Johansen.

Før dei seier ja til huskjøparar pleier Älvsbyhus å køyre opp strekninga der husmodulane skal bli frakta. Då dei køyrde opp ruta til Seimsdalen oppdaga dei raskt at dei ville møte på eit problem.

– Når du kjem til ein tunnel som er berre 3,3 meter høg og skal inn eit byggjefelt, då slit du. Mange av tunnelane her på Vestlandet har ein standard som er heilt hinsides, seier Johansen.

– Det må gjerast noko med tunnelen

Det var husbyggjaren Arnulf Bjørvik som sjølv bestemte seg for å gå for ferdighuset frå Älvsbyhus, trass ekstrakostnadene for transport gjennom den låge tunnelen. Takka vere tilgjengeleg utstyr som dei fekk låne hos Hydro i Årdal let det seg gjere å få huset på plass.

Johansen hos husprodusenten seier dei vil bli nøydde til å seie nei til fleire.

– Det er klart dette reduserer marknadsmoglegheitene våre. Men det er nok langt meir trasig for den enkelte kunde, seier han.

– For meg vart det billigast å kjøpe eit slikt ferdighus enn å byggje hus på anna måte. Men desse ekstrakostnadene skulle eg svært gjerne vore forutan. Vi er mange som bur her som meiner denne tunnelen har ein standard som ikkje er god nok, seier Bjørvik.