Hopp til innhold

Nytt fellingsløyve for bjørn

Fylkesmannen gav måndag eit nytt fellingsløyve for bjørn. Løyvet gjeld for heile Luster kommune og for Fjærland.

Sauekadaveret som vart funne på Blåbærstølen i Fjærland er førebels det siste sporet etter bjørnen.
Foto: Bjarte Haugen

Løyvet kjem etter at det i førre veka vart funne ferske spor etter bjørn, og rett før helga vart det funne eit nytt sauekadaver ved Blåbærstølen i Horpedalsdalen i Fjærland.

- No skal vi i gang med å leite etter spor og sauekadaver, seier Arne Bjørk, som er leiar i Jostedalen sankelag. Han er ikkje svært optimistisk med tanke på å få has på skadebjørnen. Sist dei fekk løyve jakta dei fånyttes i 14 dagar. No håpar han på hjelp frå Statens naturoppsyn (SNO).

- Noko må gjerast, det har vore snakk om helikopterhjelp, men vi veit ikkje eingong om SNO har pengar til det. Kanskje må nokon lenger oppe i systemet legge press på dei før vi kan få helikopterhjelp.

- Ikkje i tvil

Bjørnen har vore på ferde igjen, denne gongen på Blåbærstølen i Horpedalsdalen i Fjærland. Der vart det funne eit nytt sauekadaver før helga. Sauebonde Olav Horpedal er ikkje i tvil om at sauen er drepen av bjørn.

- Noko meir har eg ikkje funne, men eg reagerte kraftig på ei spesiell rovdyrlukt i eit område.

49 drepne og sakna sauer

Blåbærstølen ligg ikkje langt frå Veitastrond og Jostedalen, der bjørnen har herja mykje i sommar. Arne Bjørk i Jostedalen sankelag har gjort ei oppteljing i helga. Totalt 49 sauer er no drepne og sakna. Det er stadfesta at 12 av dei er drepne av bjørn, medan dei andre 37 er sakna.

- Det er mykje som ikkje er som det skal i dette området. Det er mange lam som går utan mot og mange sakna søyer. Kadavera har vi dessverre ikkje funne, men vi veit at dei er der. I tillegg hadde vi ferske bjørnespor som vart stadfesta av Statens naturoppsyn.