Hopp til innhold

Kattunge slått i hel med spade

Ein kattunge var denne veka drepen av fleire spadeslag. Både kattemora og to søsken stod for tur då forbipasserande fekk sett ein stoppar.

Kattemor med ein kattunge

EIN MANGLAR: Her er kattemor med ein av dei to gjenværande kattungane. Den tredje vart slått i hel med gjentekne spadeslag.

Foto: Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane politimelder ein mann etter at han vart teken på fersken då han slo i hel ein kattunge med spade.

– Katten skal ikkje ha dødd på verken det første eller det andre spadeslaget og det skal ha spruta blod og hjernemasse, seier Bettina Astor som er styremedlem i Dyrebeskyttelsen Norge, avdeling Sogn og Fjordane.

– Det er sjokkerande

Det var tidleg denne veka at Dyrebeskyttelsen vart kontakta av folk som hadde blitt vitne til den grufulle episoden. Ein mann i Sunnfjord skulle ta livet av fire kattar og valde å gjere det med å slå dei i hel med ein spade.

– Planen var slik vi har forstått det å slå i hel både kattemora og dei tre kattungane. Heldigvis kom det folk til som fekk stoppa dette, seier Astor til NRK.no.

Ho er sjokkert over hendinga og seier dette er noko av det verste ho nokon gong har høyrt om.

– Det er sjokkerande. Spesielt sidan dette er ei kald og kontrollert handling. Det er vanskeleg å finne ord på kor gale eg synst dette er, seier Astor og legg til:

– Det er uverdig å drepe eit forsvarslaus dyr på ein så smertefull måte. Katten må ha vore livredd, og hadde ikkje sjanse til å komme seg unna.

– Dette er straffbart

Dyrebeskyttelsen vart kontakta av folk som hadde oppdaga det som var i ferd med å skje. Den eine kattungen var død, men dei fekk berga livet til kattemora og dei to andre kattungane. Kattane måtte avlivast, men måten det vart gjort på er heilt uakseptable, meiner Dyrebeskyttelsen.

– Dette er brutalt! Og vi meiner dette heilt klart er eit lovbrot, seier Astor.

Dei vil no politimelde saka og meiner mannen har brote både dyrevelferdslova og forskrift om avliving av hund og katt. Forskrift om avliving av hund og katt skal mellom anna sikre at dyra ikkje kjem i fare for å lide unødig.

I dette tilfellet var kattungen blitt åtte veker og Astor meiner det er eit heilt klart brot på reglane å ta livet av den med spadeslag.

– Dette strir mot norsk lov og det må få konsekvensar, seier Astor og legg til:

– Vi er sikre på at dette er fakta og at det ikkje berre er rykte vi har høyrd. Eg såg sjølv spora etter det som hadde skjedd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kattunge

TRYGG: Resten av kattefamilien er no plassert hos ein fosterfamilie. Hadde ikkje mannen blitt stogga fryktar Dyrebeskyttelsen at dei også hadde blitt slått i hel.

Foto: Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

– Forstår ikkje kvifor

Astor vart send ut for å hente det tre andre kattane og såg då blodspora etter det som hadde skjedd. Dyrebeskyttelsen har ikkje klart å kome i kontakt med mannen som har gjort det.

– Eg vil så gjerne forstår kvifor dette skjedde, slik at vi kan bruke det i vårt arbeid med å endre haldningane folk har, seier Astor.

Ho seier Dyrebeskyttelsen kjenner til at det skjer avliving på ulovleg vis rundt om kring, men at dei ikkje har høve til å leite rundt for å nøste opp i sakene. I dette tilfellet fekk dei eit konkret tips.

– Då må vi reagerer, både for å verne kattane og fordi vi meiner det har skjedd eit lovbrot, seier Astor.

Ber folk ta ansvar

Distriktssjef i Mattilsynet i Sogn og Fjordane, Trine Helland stadfestar at det straffbart å ta liv av kattar på ein måte som gjer at dyra vert utsette for unødig liding. I dette tilfellet meiner ho heilt klart at det har vore tilfelle.

– Dette er ein type sak også vi ville kunne politimeld, seier Helland til NRK.no.

Astor håpar ho aldri kjem ut for liknande igjen og ber folk ta ansvar på eit tidlegare tidspunkt.

– For å unngå uønskte kattungar så er det kastrering som gjeld, for begge kjønn, seier Astor.