Planane om gruvedrift i Vevring er omstridde, spesielt fordi det inneber dumping av gruveavfall i Førdefjorden.
Senterungdomen i Sogn og Fjordane meiner på si side at fjorddeponiet er uproblematisk. Natur og Ungdom rasar over haldningane.
Steile frontar mellom ungdomsorganisasjonar
Gruveselskapet Nordic Mining vil utvikle mineralet rutil i Engebøfjellet i Vevring. Overskotsmassen er planlagt dumpa i fjorden, noko motstandarane meiner er galskap.
Erlend Herstad som er leiar av Senterungdomen i Sogn og Fjordane meiner ein må slutte å verne om naturområda i fylket. I staden vil han unytte naturresursane som ligg klare og urørte.
– Eg meiner ein kan oppheve mykje av vernet som er i dag og heller leggje til rette for fornuftig bruk og uttak av naturressursar, seier Herstad.
Når det gjeld den omstridde gruveutbygginga i Vevring meiner Herstad at sjølve fjorddeponiet er uproblematisk.
– Eg er veldig for at Nordic Mining skal ha ein plass å kvitte seg med avfallsmassane og eg hellar nok mest mot ja til deponi, seier Herstad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
– Uaktuelt med fjorddeponi
Haldningane får leiaren av Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane til å steile.
– Det er viktig å verne naturen. Det er livsgrunnlaget vårt og uansett kor mykje ressursar vi ønskjer å bruke så må vi samtidig tenke på kva konsekvensar det får, seier fylkesleiar Karoline Strand.
Ho er svært usamd i at uttak av naturressursar skal gå framfor vern av naturområde. Strand er kritisk til Senterungdomen si haldning til gruveutbygginga i Vevring. Ho meiner gruveutbygginga ikkje ein gong burde vore planlagt.
– Det er heilt uaktuelt med eit fjorddeponi i ein så rein laksefjord som Førdefjorden, seier Strand.
Får ministeren på besøk
I morgon kjem miljøvernminister Erik Solheim til Vevring for å ta problemområdet i augesyn.
Han og departementet hans skal seie endeleg ja eller nei til planane om storstila gruvedrift i Engebøfjellet, der ein vil dumpe fleire tonn med restmassar i den verna Førdefjorden.