I dag kjem miljøvernminister Erik Solheim på synfaring i Naustdal. Det er han som skal seie ja eller nei fjorddeponiet som Nordic Mining planlegg.
Men medan Arbeidarpartiet er positive til meir gruvedrift, er SV krystallklare i sin motstand. Og då særleg mot fjorddeponi, seier fylkespolitikar Norvall Nøringset.
- LES OGSÅ:
– Å sende masse som ikkje skal brukast i fjorden er uakseptabelt for oss. Både av ureiningsomsyn og forbruksmessig. Det er ikkje den måten vi skal bruke råstoff på, seier SV-politikaren.
– Uaktuelt for SV
Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet ved Førdefjorden. Mineralet blir nytta som kvitningsstoff i til dømes tannkrem og måling, og gruva i Naustdal skal gje 170 direkte arbeidsplassar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det er også spådd store ringverknader. Problemet er at selskapet i 40 år vil dumpe overskotsmassen i Førdefjorden. Noko som er uaktuelt for SV.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– SV er eit miljøparti. Dette handlar om ein flott og viktig fjord, som ein av dei rikaste vi har i dag. Vi i SV skal vere ein garantist for den fjorden, forsikra SV-topp Bård Vegar Solhjell då han
.– God plass i fjorden
Arbeidarpartipolitikar og Næringsminister Trond Giske er meir positiv.
Nyleg opna han langt på veg døra også for fjorddeponi - dersom det syner seg å vere miljømessig forsvarleg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Norske fjordar og hav er veldig djupe. Vi snakkar kanskje mange hundre meter. Så det er veldig god plass nede i fjorden. Verda hungrar etter mineralressursar, sa han.
Distriktsnæring
Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap), meiner at gruveindustrien har hatt lite fokus i Norge. Han håpar på ei rask avklaring.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er ei distriktsnæring vi snakkar om. Gruveindustrien den ligg i distrikta, så dette er beste form for distriktsnæring, seier han.
Men
mot planane. Dei har også fått støtte frå faginstansar som Fiskeridirektoratet, som har varsla motsegn. Dermed er saka hamna på bordet til miljøvernministeren.Nei til prøvestein
Når Solheim i dag vitjar Naustdal, vil han få klar beskjed frå partikollega Nøringset at fjorddeponi ikkje kan vere aktuelt.
- LES OGSÅ:
Han fryktar eit ja til gruveplanane i Sunnfjord, kan skape presedens for fleire liknande saker rundt omkring i landet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Dette er umogleg for SV-laga i Sogn og Fjordane å godta. Denne løysinga som Nordic Mining og Naustdal kommune har valt, er så lite miljøvennleg og øydeleggjande for miljøtanken. Ein ser på dette som ein prøvestein i høve til anna gruveverksemd i fjordsystema våre på Vestlandet, seier han.