Hopp til innhold

Vegvesenet vil ha E39 via Stryn

Vegvesenet har bestemt seg for at E39 via Stryn er det beste alternativet. Det er billigast meiner Vegvesenet.

Terje Moe Gustavsen og Magnhild Meltveit Kleppa

STRYN VANN VEGKAMP: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Vegvesenet la i dag fram forslaget sitt til nye trasé for E39.

Billigast

Vegvesenet sitt forslag er å leggja vegen i ein ny tunnel under Utvikfjellet og byggja ei ny hengebru over Nordfjorden ved Svarstad i Stryn kommune.

Kvivsvegen med tunnel og bru i Stryn er det billigaste alternativet meiner Statens vegvesen. Utrekningane deira syner at dette alternativet vil koste 4,5 milliardar kroner.

Alternativet er i fylgje vegvesenet to milliardar kroner billigare enn ei bru mellom Anda–Lote.

Magnhild Meltveit Kleppa og Terje Moe Gustavsen

FAGLEG RÅD: Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa understreka i dag at dette er eit forslag som no skal ut på høyring.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Reisetida via Stigedalen og med ei bru over Anda–Lote er likevel noko kortare enn alternativet via Stryn, syner tala frå Vegvesenet.

Ny hengebru

Første byggjesteg vil vera å fullføra Olden–Innvik og tunnel under Utvikfjellet.

Vidare vil vegvesenet ha ei ny hengebru over fjorden over til Svarstad

(Artikkelen held fram under kartet)

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39

Her er vegvesenet sitt forslag til ny E39. Den går frå Skei, gjennom ein ny tunnel under Utvikfjellet, vidare til Innvik og ei ny hengebru over til Svarstad. Dei stipla linjene på kartet er tunnelar.

Foto: Statens vegvesen

– Det kjem best ut når det gjeld samfunnsøkonomiske verknader, seier Kjell Kvåle, prosjektleiar for konseptvalutgreiinga (KVU) Skei-Ålesund.

– Konseptet vil gi ei alternativ rute aust-vest i periodar med stengt veg om vinteren på Strynefjellet, seier Kvåle

Fire minutt kortare - to mrd billigare

Vegen via Stryn vil vera om lag fire minutt kortare reisetid enn ei ferjefri Anda–Lote.

Andre byggesteg bør vera tunnel Kjøs–Grodås. Denne inngår i den langsiktige løysinga, og vil vera særleg nyttig for tungtransporten.

Tredje byggesteg bør vera bru ved Svarstad og tilstøytande veg/tunnel i nord og sør, skriv Vegvesenet på sine heimesider.

Eit av forslaga vegvesenet har forkasta kombinerer Kvivsvegen med bru over Anda – Lote. I fylgje vegvesenet blir dette alternativet vesentleg lenger og d enn dei andre alternativa, og reisetida vert om lag 20 minutt lenger.

Høyring

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa understreka på framlegginga av rapporten frå Statens vegvesen i Ørsta at dette er eit forslag og eit fagleg råd.

Saka skal ut på høyring og høyringsfristen er sett til 1. februar.