Hopp til innhold

Oppheta nettdebatt etter traséval

Engasjementet i kommentarfelta på Internett er stort i samband med Vegvesenets val av trasé i Nordfjord.

Nettdebatt
Foto: Skjermdump

Vegvesenet har bestemt seg for at E39 via Stryn er det beste og rimelegaste alternativet for ny trasé for Europavegen.

Dei ønskjer å leggje vegen i ein ny tunnel under Utvikfjellet, og byggje ei nye hengjebru over Nordfjorden ved Svarstad i Stryn kommune.

Kvivsvegen med tunnel og bru i Stryn blir ifølgje Statens vegvesen det rimelegaste alternativet, og har ein prislapp på om lag 4,5 milliardar kroner.

Rimelegaste alternativ

Vegvesenet meiner dette alternativet er to milliardar billegare enn ei bru mellom Anda-Lote. Dette framlegget er eit forslag og eit fagleg råd. Saka skal ut på høyring, og høyringsfristen er sett til 1. februar 2012.

På diskusjonsfora hjå NRK Sogn og Fjordane har det på få timar komme over 100 kommentarar, Og fleire av dei er sterkt usamde i avgjerda som er gjort.

«Rart med bru inst i fjorden»

Opptil fleire debattantar stiller spørsmål ved kor lurt det er å byggje bru inst i fjorden.

«Det er vel stort sett det same kva nr. vegen har? Vegen om Byrkjelo-Eid vil framleis gå der den går i dag, om den skiftar namn og nummer er vel ikkje så nøye?! Men eg og synest det er litt rart å lage ei bru nesten inst i fjorden! :-D Men "verdas rikaste land" skulle nok ha råd til å kutte ut alle ferjene i landet der det er fysisk mogleg å lage bruer.» Det skriv Rune Ripe.

«Bør finne fram kartet sitt»

Ottadalen37 meiner løysinga som er føreslegen, er bra:
«Dei som ikkje ser at den løysinga vegvesenet har valt er den beste, bør finne fram kartet sitt. Sjå på avstanden frå Kjøs til Byrkjelo, så skjønar alle kvifor Vegvesenet vel denne løysinga.»

Og Brynnen har innspel til kortaste vegen mellom Volda og Førde:

«Ja finn fram kartet og sjå kva som er kortast frå Volda til Førde. Ikkje via verken Stryn eller Skei. Men, via Eid og Sandane, Angedalen.»

«Er ein grunn til at det er ferje»

ThorsteinT meiner dette om vegen:
«Det e no berre å sjå på kartet so ser ein at det er fornuftig å ha bru frå Svarstad, enn å la E39 gå i kringelkronkel via Lote og Anda. Det e'kje fylkesveg vi snakka om, men ein stamveg.»

Svinemoren har dette å seie om saka: «Einig. Vegtraseen bør gå der som den er no. Det er jo ein grunn til at det er ei ferje ved Lote-Anda. Visst ikkje kunne no alle køyrt rundt fjorden sånn som dei gjorde i gamle dage»

Leif Dale er godt nøgd med dagens utspel: «Dette er ein gledas dag for dei som bur på kysten, og for dei som arbeider for å få realisert kystvegen.
Det neste no bør bli kryssing/tunnel under Sognefjorden, noko som bør bli eit felles prosjekt for E 39 og kystvegen.»