Om ein hadde stabla svelene som Fjord1 har selt hittil i år, hadde svelestabelen blitt om lag 3,5 kilometer høg, eller over 112 km lang om du legg svelene kant i kant. Til samanlikning er Galdhøpiggen er i underkant av 2,5 kilometer høg.
Om du lurer, ein 3,5 kilometer høg svelestabel er 850 000 sveler, og i dag vart Fjord1 si beste svele kåra i Bergen.
Svele + ferje = sant
– Sveler og ferjer høyrer i lag, og me har fått tilbakemeldingar om konkrete ting, blant anna om kvifor det er meir smørkrem på svelene det eine sambandet enn andre. So no vil me kåra den beste svela av alle, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord1, Ingrid Færøyvik til NRK.
– I tillegg får ho Den gylne sveletakka, som er den einaste sveletakkenåla i heile verda, og den skal vinnaren ha på uniforma som synleg bevis på sigeren, seier Færøyvik.
Landets beste svele
Den heldige vinnaren vart Anne Aarskog frå Hordaland, og ho kan no gleda seg til at hennar oppskrift vil brukt som standardoppskrift på sveler i heile Fjord1.
– No skal svela di serverast på alle ferjene, korleis blir det?
– Kjempefint! Endeleg har dei skjønt det, ler ein glad vinnar.
Oppskrift:
Herman Friele i dommarpanelet hadde berre godord å seia om vinnarsvela.
– Den var flott komponert, flott gjennomført og ein herleg smak. No gleder eg meg til å ta ferja, sa Friele.
(Artikkelen held fram under biletet)
Ikkje siger til fjordfylket
– Det var spanande å vera med, men det vart diverre ikkje siger, seier Inger Falkevik.
Ho var representanten frå Fjord1 i Sogn og Fjordane, og kjempa mot representantar frå Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland.
– Det vart siger til Hordaland. Årsaka til det var sjølvsagt feil dommarar, ler Falkevik.
Høyr intervjuet med Falkevik nedst i saka.
Dei fem konkurrentane var
- Lillian Monsen, Trøndelag
- Ellen Worum, Møre og Romsdal
- Inger Falkevik, Sogn og Fjordane
- Anne Aarskog, Hordaland
- Marit Norbø, Rogaland
Dommarpanelet bestod blant anna av Herman Friele (Kaffehuset Friele), Leif Øverland (konsernsjef Fjord1), samt nokre ferjependlarar og sveleelskarar.
– Me tek det som ein leik, so dette går fint. Eg fekk ikkje smake på dei andre svelene, men eg såg at i vinnaroppskrifta var det meir sukker enn det me brukar, seier Falkevik.
– Roleg dag på jobb
Det var ein roleg dag ved sveletakka for Falkevik i dag.
– Det var roleg i forhold til ein vanleg dag. Spesielt om sommaren går det mykje. På Anda-Lote sel me grovt rekna om lag 60 000 sveler på eitt år, seier Falkevik.
60 000 sveler er, om du lurer, ein svelestabel på rundt 250 meter.
Programleiar Erlend Blaalid Oldeide var lettare sjokkert over at Sogn og Fjordane ikkje har den beste svela. Her kan du høyre intervjuet hans med Inger Falkevik frå NRK Sogn og Fjordane seie ettermiddagssending onsdag.