Hopp til innhold

Jaktar på vestlandsstormen

Øystein Nordås tok turen frå Lillehammer til spissen av Vestlandet for å kjenne på naturkreftene. Det vart ei majestetisk oppleving.

Full storm ved Stad

FULL STORM: Ved Stad tek ruskevéret skikkeleg tak, og resten av fylket bør vere førebudd på at véret flyttar seg innover.

Foto: Øystein Nordås

No må ein halde seg fast for ikkje å bli teken av vinden ved Kråkenes Fyr i Vågsøy, sør for Stad.

Det siste døgeret har det vore full storm på Stad. Øystein Nordås tok turen heilt frå Lillehammer til det vindfulle Vestlandet for å kjenne på naturkreftene, og fotografere dei.

Men det var ikkje utan hinder i vegen.

– Eg blei litt forsinka då Måløybrua var stengt på grunn av orkan, så det var mørkt og dårlege fotoforhold då eg kom fram, men i går fekk eg verkeleg kjenne på kreftene, fortel han.

Han måtte stå inntil veggen til fyret for ikkje å bli teken av vinden.

– Der stod eg i ein time, og eg kosa meg, fortel Nordås.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frykteleg fint

Storm ved Stad

MAJESTETISK: Ved Kråkenes Fyr er det flott å rigge seg til for å kjenne på naturkreftene.

Foto: Øystein Nordås

Nordås er ikkje ukjend for kva heftige vêropplevingar Vestlandet kan tilby, og veit kva han kan forvente når det er meldt opp til full storm og orkan. Vestlendingen er busett på Lillehammer, og skal han oppleve skikkeleg ruskevêr må han ta turen heim.

–Det er ei flott oppleving når vêret står på og det buldrar rundt huset. I Lillehammer er det berre puslevêr, så det er fint å reise heimover for å nyte eit skikkeleg ruskevêr i blant.

Varslar heftig ver og vind

Det er venta ein god del vêr dei neste dagane. Enkelte stader startar vinterføret å gjere seg gjeldande, og vinden bles opp til full storm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Storm ved Stad

HEFTIG: Vinden og regnet held ikkje seg berre på Stad. Resten av fylket kan forvente heftig vér framover.

Foto: Øystein Nordås

Vêret varierer stort dei enkelte stadene i fylket, men dei fleste kan forvente mykje regn og ein god del vind i dagane som kjem.

Vand til forrykande vér

I tårnet på Gullfaks C sit Øystein Blom frå Sogndal og overvakar helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen. Han er vand til forrykande vêr, og syns ikkje utsiktene ser altfor gale ut.

– Vi er vande med vind her ute, og so langt har ikkje vi lagt restriksjonar på helikoptertrafikken på grunn av vêr, seier Blom.

– Dersom varslane byrjar å bli ekstreme må vi sjølvsagt vurdere om det går an å flyge, men dette er ein del av kvardagen. Nordsjøarbeidarane er vande med å måtte vente med heimturen på grunn av vind eller tåke, fortel Blom.

Sognefjellet stengt

Fjellovergangen på Sognefjellet var stengt to timar lengre enn vanleg nattestenging i natt. Det var fire minusgrader, og vinterføret gjorde det rett umogleg å kome seg over.

Vegtrafikksentralen melder at overgangen no er open, og presiserer at vi er heldige som framleis kan nytte overgangen så langt ut i november.

OPPDATERING:

Meteorologane varslar ekstremvær

Fredag kan det blåse opp til orkan på Stad. Det kjem eit kraftig lavtrykk, og YR melder om svært høg vasstand, bølgjer og kraftig vind.

Vassstanden kan vere opp til ein meter over normalen, også i Sogn og Fjordane, og fleire ferjeavgangar i Nordland er innstilte på grunn av stormen.