Hopp til innhold

Vakna til eit fæla ruskevêr

Langs heile kysten av Norge har ekstremvêret «Berit» herja i natt og fredag morgon vakna dei fleste til vind og regn. Vegen over Sognefjellet må halde stengd.

Sognefjell

STENGD: Sognefjellet kan ikkje opne for trafikk klokka 08. Sterk vind bles snøen inn i vegen og gjer det uråd å sjå meir enn nokre meter. (ARKIVFOTO).

Folk langs kysten må nok bu seg på ruskevêr nokre timar til. Det både blæs og regnar om ein annan, så det gjeld å halde på hatten om ein skal ut.

Seint torsdag kveld måtte Måløybrua stengje på grunn av den sterke vinden.

Styggevêret stengjer Sognefjellet

Også i innlandet er vinden sterk, og på riksveg 55 over Sognefjellet kan dei ikkje opne vegen som planlagt klokka 08. Her har vegen vore nattestengd, men styggevêret set no ein stoppar for opning.

– Det er ikkje godt å sjå så mykje her. Snøen blæs rett inn i vegen så du ser ikkje kvar du er, fortel brøytebilsjåfør Nils Weka.

Han var på veg for å opne fjellet tidleg fredag morgon, men med berre nokre meter sikt er det ikkje forsvarleg å opne fjellet for trafikk.

– Eg måtte vere svært forsiktig og passe godt på at eg hadde ei brøytestikke på kvar kant for å sikre meg at eg var på vegen, seier Weka.

Mogleg opning seinare på dagen

Vinden tek godt tak, og midt på fjellet rista det kraftig i bilen. Den kraftige vinden gjer det umogleg å få opna vegen, men Weka seier dei vil gjere eit nytt forsøk utpå dagen.

– Slik det er no ser ein ikkje noko. Då kan ein fort køyre seg fast eller køyre i grøfta, men vi får sjå om vi kan gjere eit forsøk seinare på dagen, fortel Weka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Styggevêr i Bremanger

STYGGEVÊR: I Bremanger forsvann straumen kort tid etter at dette biletet vart teke.

Foto: NRK-tipsar

Fleire tusen mista straumen

I Bremanger er vêret så høglydt at ein nesten ikkje kan sove. Ein lyttar fortel at det durar i husveggen og at haglbyene trommar på ruta.

Like før klokka 07 skal også straumen ha gått.

Vakthavande på Sogn og Fjordane Energi seier eit par tusen abonnentar i Ytre Nordfjord og på Bremangerlandet vart råka av straumstansen.

Til alt hell skal straumen berre ha vore vekke i nokre minutt før den var tilbake.