Den årelange striden om fødetilbodet ved sjukehuset i Lærdal går no inn i ein avsluttande fase. Helse Førde sitt styre handsama saka fredag, og avgjerda deira vil bli send vidare til Helse Vest som har siste ord.
Eit samrøystes styre i vedtok fredag føremiddag at dei vil leggje ned fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.
Administrerande direktør, Jon Bolstad, opplyste at ein ikkje vil fjerne utstyret for fødsel, og at ein vil kunne gjere hastefødslar ved sjukehuset.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Klarar ikkje skape «robust fødetilbod»
Helse Førde meiner "grunnlaget for eit føreseieleg og robust fødetilbod ikkje er til stades" og vil i staden etablere eit poliklinisk tilbod for gravide. Eit slikt tilbod ved Lærdal sjukehus skal inkludere følgjeteneste og eit barseltilbod.
I sakshandsaminga vart det mellom anna vist til at det berre er forventa mellom 20 og 35 fødslar ved ei jordmorstyrt fødestove ved sjukehuset. Det vil bli vanskeleg for jordmødrene ved avdelinga å oppfylle kravet til kompetanse.
Det vert vidare vist til at det er ferjefri reise til fødeavdelinga på Voss, der ein har beredskap døgnet rundt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Behov for ei avgjerd
Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, skreiv i saksframlegget at han no ønskjer ei avgjerd i saka.
Kommunane har fått sagt sitt gjennom ei høyringsrunde, og Bolstad meiner mellom anna at dei tilsette har behov for ei avklaring.
– Trist dag
Bente Øien Hauge har stått heilt i spissen for dei som har kjempa for å få behalde fødetilbodet ved Lærdal sjukehus. Ho seier dagen i dag er trist, men påpeikar samtidig at det er Helse Vest som skal avgjere saka.
– Vi vil ikkje gje opp kampen for å få behalde fødetilbodet, seier Øien Hauge til NRK.no.
Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, seier dei fødande i Indre Sogn skal ha eit like godt tilbod som alle andre fødande i fylket, trass dette vedtaket.